Hopp til innhold

Jackbow stakk av med SommarLutt-prisen

NORDFJORDEID (NRK): Fem talentfulle band konkurrerte om SommarLutt-prisen. Men det unge bandet Jackbow overbeviste juryen og vart vinnarane av 15 000 kroner.

Jackbow

JACKBOW: Dei yngste stakk av med prisen. Bandet består av: Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer).

Foto: Tormod Flatebø / Fjordabladet

Juryen landa på at Jackbow frå Nordfjordeid gjorde den beste konserten frå NRK og Malakoff Rockfestival si scene.

– Det betyr veldig mykje for oss. Det er heilt fantastisk. No får vi gjere mykje meir og spele inn songar. Dette er eit stort steg for oss, seier vokalisten Peder Naustdal.

Aldri før har så mange sett talentkonserten NRK SommarLutt frå Malaloff si Jyplingscene. Det er rekna at kring 1200–1300 personar var på plass framfor scena midt i sentrum av Nordfjordeid. Jackbow nådde tydelegvis heimepublikummet sitt.

– Det er kjekt og vi er stolte av oss sjølve, seier bandmedlemmane.

– Dei leverte verkeleg frå scena, så bra at dei overbeviste juryen om at dei skulle vinne prisen på 15 000 kroner, seier Gro Ravnestad.

SommarLutt

UNDER UTDELINGA: Her tek imot Jackbow prisen på 15 000 kroner frå Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad i NRK.

Foto: Tormod Flatebø / Fjordabladet

Vil nå ut i verda

Peder Naustdal sa frå scena at dei skulle erobre verda. Då smilte og klappa folk. Så vann dei.

– Vi er stolte av å få lov til å vise fram så mange unge dyktige talent. Ungdom som viser at dei har ambisjonar, vilje og talent, seier Stian Sjursen Takle, ansvarleg for NRK sin del av konserten.

SommarLutt

ALLE PÅ SCENA: Dei unge og lovande artistane som var plukka ut til å spele på Jyplingscena i år var: Elida Høgalmen frå Oldedalen, Jackbow frå Nordfjordeid, Don Wild frå Askvoll og Baia Wolf frå Svelgen/Måløy.

Foto: Tormod Flatebø / Fjordabladet

– Vi skal bruke pengane til innspeling. Vi får to dagar i studio til litt over 10 000. På den tida vi har studio til rådigheit skal vi spele inn så mykje vi klarar, seier Naustdal.

No er planen å jobbe på vidare med musikken, men først skal dei sjå konsertar på Malakoff.

– Vi skal ha det kjekt og gleder oss til Biffy Clyro, det blir konge. Dei er supre artistar, seier Naustdal.

LES OGSÅ: Nye og unge band spelar på «Jyplingscena»

Publuikum SommarLutt 2017

PUBLIKUM: Aldri har så mange kome for å sjå SommarLutt før. Mellom 1200 og 1300 personar møtte opp for å heie på dei unge talenta frå fylket.

Høgt nivå

Kvaliteten på konserten viste at vi har mykje å glede oss til framover, seier Stian Sjursen Takle.

Jackbow som vann konkurransen var og dei yngste på scena.

Anna og Vilde

DELTE UT PRISEN: Prisen er eit stipend på 15.000 kroner frå Sparebanken Vest som vart delt ut av MGP-jr-vinnarane Vilde Hjelle og Anna Naustdal. Her er dei saman med Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad.

Foto: Tormod Flatebø / Fjordabladet

– Sidan vi starta SommarLutt har målet vore å skape ei viktig scene for nye musikarar frå Sogn og Fjordane. Veldig mange har stått på denne scena og imponert oss. Fleire av dei har komme seg vidare til solide musikalske karriere seinare, seier arrangørane Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane og Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival.

– Vi meiner dette er blitt ei av dei viktigaste scenene for nye band her i fylket, legg dei til.