Hopp til innhold

Ja til Vitensenter i Kaupanger

Fylkestinget sa i dag ja til å løyve 140 millionar kroner til nytt opplæringsbygg i Kaupanger som ein del av Sogndal vidaregåande skule. Vedtaket inneber at det skal inngåast ein leigeavtale med Vitensenteret i Sogn og Fjordane, som skal leige halvparten av bygget i Kaupanger. Berre Frp sine to representantar røysta mot.