Arkivfoto NRK
Nordgulen var ein av rundt 30 menneske i Gulen som var samla i Eivindvik for å diskutere vindmøller. Utbyggingsselskapet Fred Olsen Renewables har no sendt søknad til Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, om å få bygge opp mot 20 vindmøller i eit fjellområde søraust for Eivindvik.
Vindmøller i Vågsøy
Mehuken i Vågsøy har alt vindmøller. Bremanger og Selje har planar om utbygging, i tillegg meiner Sunnfjord Energi at også Solund er perfekt for eit slikt føremål. No er alstå turen komen til Gulen, og varaordfører Hallvard S. Oppedal seier dette er positivt for kommunen.
130 meter høge
Enno er prosjektet i startfasen, og uansett vil det ta minst 2-3 år før parken blir realisert. Så langt er det planlagt 20 vindmøller, kvar av dei 130 meter høge. Prislappen på utbygginga ligg i dag på rundt 400 millionar kroner. Men ei slik utbygging vil vere verd pengane, trur prosjektleiar Tor Helge Kjellby.
Det betyr at parken kan dekke straumbehovet til mellom 7000 og 8000 husstandar.
Lite motstand i Gulen
Og sjølv om motstanden mot vindmøller har vore stor andre plassar, både på grunn av landskapsverninteresse, fugleliv og turisme, er alstå folk i Gulen så langt positive.