Hopp til innhold

Iranskfødde Massoma er livredd Donald Trump

FØRDE (NRK): 18 år gamle iransk-norske Massoma Jurmy frå Førde er redd Trump vil starte tredje verdskrig.

Massoma Jurmy

Utan norsk statsborgarskap ville iranskfødde Massoma Jurmy (18) vore uønskt i USA. Ho har budd i Førde sidan ho var to år.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Massoma var to år då ho kom til Førde. Foreldra er frå Afghanistan og rømde til Iran, der Massoma vart fødd. Hadde det ikkje vore for at ho har norsk statsborgarskap i tillegg til iransk, ville ho vore uønskt i USA.

– Eg er livredd Donald Trump, seier 18-åringen til NRK.

Donald Trump sin omstridde presidentordre fører mellom anna til at innbyggjarar frå dei muslimske landa Iran, Irak, Libya, Somalia, Sudan, Syria og Jemen ikkje slepp inn i USA. Ordren inneber også at alle syriske flyktningar blir utestengde på ubestemt tid.

Massoma har budd i Førde i Sogn og Fjordane sidan ho var to år. Ho tek studiespesialisering på Hafstad vidaregåande skule, har eigen blogg og har vore elevrådsleiar.

Meiner demokratiet er i fare

No er ho redd og fortvilt over verdssituasjonen.

– Donald Trump har snudd verda. Han har snudd så mange, og han har så mange tilhengarar. Det skremmer meg så enormt, seier den engasjerte 18-åringen.

Eit av måla hennar er å kunne jobbe som TV-journalist i eit demokratisk fritt land. No er ho usikker på korleis det vil gå med demokratiet.

Massoma forstår ikkje kvifor Trump vil stenge ute folk frå sju bestemte land.

– Eg forstår ingenting av innreiseforbodet hans. Er ein farleg berre fordi ein er fødd i eit bestemt land, spør ho.

Donald Trump har snudd verda og har så mange tilhengarar. Det skremmer meg enormt.

Massoma Jurmy

Vil nekte Trump innreise

18-åringen meiner Trump sin politikk byggjer på rasisme og på at enkelte religionar er betre enn andre.

– Folk får ikkje lenger møte familien sin dersom dei bur i USA. Folk som ligg for døden får ikkje besøk fordi slektningar blir nekta innreise. Flyktningar i naud får ikkje hjelp. Det blir krise for så mange, seier ho.

– Kva kan vesle Norge gjere?

– Saman med andre vestlege land må Norge signalisere kor sterkt vi tek avstand frå Trump sin politikk. Trump må også få beskjed om at han ikkje er velkomen til Norge så lenge han fører ein så fiendtleg politikk, seier ho.

AUF-Mani: – Trump bør nektes innreise til Norge

Fryktar storkrig

Massoma ser ikkje vekk frå at Donald Trump sin politikk vil ende opp i ein storkrig mellom ulike sivilisasjonar der atomvåpen blir brukt.

– Det er veldig, veldig skremmande, seier ho.

Det er ei kjend sak at muslimske ekstremistar har stått bak fleire terrorhandlingar kring om i verda. Har ikkje USA rett til å verne seg mot terrorisme?

– Å nekte folk frå enkelte land gjev ikkje vern mot terrorisme. Det gjer vondt verre. Denne typen politikk skaper nye terroristar og øydelegg for så mange uskuldige. Politikken er fullstendig feil og er veldig farleg, seier ho.