Hopp til innhold

Inviterer 1400 i hageselskap

No kan også Sogn og Fjordane få sitt eige kjendis-hageselskap. Direktør Morten Johan Svendsen ved kunstmuseet inviterer nemleg 1400 personar frå heile landet til hageselskap på Eikaasgalleriet i Jølster.

Morten Johan Svendsen.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Eikaasgalleriet.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det mest berømte hageselskapet i Norge er truleg festen forlaget Aschehoug kvart år held for den kulturelle eliten i Oslo med servering av jordbær og champagne.

Kjendisar kjem også

No kan også Sogn og Fjordane få sitt eige hageselskap. Kjendisfaktoren vert neppe så høg som i hovudstaden. Men direktøren ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Morten Johan Svendsen, lokkar med NRK-kjendis og kulturjournalist Erling Lægreid som tunvert, medan Linda Øvrebø skal syngje og Øyvind Lyslo spele gitar. Det vert og danseoppvisning og kåringar.

For etter at Astruputstillinga er opna på Astruptunet fredag, og tilsvarande utstilling på Eikaasgalleriet laurdag føremiddag, vert det 20. mai hagefest frå klokka 20 og ut i dei små timar. For inngangsbilletten får ein severing av det meste. Kje og aure, drikke for ein kvar smak og allehånde kultur. Sjølv kallar Svendsen arrangementet ein kunstnarfest av det gode gamle slaget.

- Henta ideen i Oslo

- Eg skal vedgå at ideen om ei slik samling har vi fått frå det vidgjetne hageselskapet i Oslo, seier Svendsen.

- Men der er fiffen og kultureliten i Norge samla. Tenkjer dykk i same baner i Jølster?

- Nei, det gjer vi ikkje. Dette er eit arrangement som er ope for alle.

- Tanken er at vi skal skape entusiasme rundt kunstmuseet sitt arbeid. Med alle dei flotte Astrupbileta vi no får høve til å syne i Jølster, så synest vi det er viktig å ha det moro og hyggjeleg saman rundt kunsten.