Innvandring gir lågare straumbruk

Straumbruken i Norge går ned. Og det er mykje takka våre nye landsmenn. Dei brukar nemleg minimalt med straum.

Video Straumbruk

Straumbruk

Maten er som i fleste norske heimar. Men plassen er mindre og lampene færre hjå familien på fem frå Eritrea.

– Vi slår av alt som vi ikkje treng. Vi brukar ikkje mykje straum, seier Milkias Tecle.

Og det er han ikkje åleine om. Talet på ikkje-vestlege innvandrarar i Norge er firedobla sidan 1990. Samstundes har straumbruken til norske heimar flata ut.

NVE oppdaga at medan straumbruken har auka jamnt og trutt, faktisk med 55 prosent mellom 1970 og 1990, så er auken frå 1990 og fram til i dag berre på tre prosent.

Dei gav Vestlandsforsking oppgava med å finne ut kvifor tala hadde utvikla seg slik.

Bustadarealet aukar ikkje lenger

Det har resultert i ein forskingsrapport som syner klara samanhengar.

– Den viktigaste årsaka er at bustadarealet per person har slutta å auke. Og den viktigaste årsaka til det er den aukande delen ikkje-vestlege innvandrarar som i snitt brukar 40 prosent mindre areal enn resten av befolkninga, seier forskingsleiar i Vestlandsforsking, Carlo Aall.

Hadde kurven halde fram med å stige slik han gjorde fram til 1990, ville vi brukt 55 prosent meir straum enn vi gjer i dag.

– Men så er det faktisk redusert ganske mykje, faktisk i nærleiken av 60 Alta-kraftverk, seier Aall.

Innvandringa bidreg mest

Det herskar lite tvil om at både mildare klima og energisparande tiltak som til dømes etterisolering og varmepumpe bidreg til statistikken. Men det er innvandringa som hjelper mest når det er snakk om å redusere bruken av straum.

Det stadfestar familien frå Eritrea. Dei brukar ikkje straum når det ikkje er naudsynt.

– Når ein har mindre plass brukar ein mindre straum, seier Embaynesh Mengistu.

– Eg har besøkt mange norske hus, og eg trur dei brukar for mykje straum, seier Milkias Tecle.