Ein gjennomgang av talet på strykingar og renummereringar på vallistene syner kven av listetoppane som var minst populære hjå sine eigne veljarar.
Det er dei færraste som faktisk endra på listene under stortingsvalet. Ap-veljarane er dei som oftast endrar, over 18 prosent av røystesetlane.
Det er Ap sin førstekandidat, Ingrid Heggø, som får flest stryk. Over 3 prosent av Ap-veljarane ville vrake henne frå fyrsteplassen.
- Sjå heile lista nedst i saka.
Heggø er på ferie, og har valt å ikkje kommentere tala.
Trøyttleik i veljarmassen
Knut Henning Grepstad har kommentert tal og val i Sogn og Fjordane i ei årrekkje.
– Det ser ut som det har vore ein liten aksjon for å flytte Ingrid Heggø nedover, og Hilmar Høl oppover. Det er truleg i indre Sogn det har skjedd. For vi ser ein tilsvarande aksjon hjå Senterpartiet, der årdølen Aleksander Øren Heen blir hyppig renummerert.
– Ingrid Heggø har sete lengst på Stortinget av alle. Samtidig er det ho som får flest strykingar i tal og nest mest i prosent. I kva grad er dette ei mistillitserklæring frå veljarane til førstekandidaten?
– Det er for sterkt å formulere det slik. For tala er jo ganske små. Samtidig ser vi ein viss trøyttleik i veljarmassen, og eit visst ønskje om fornying, seier Grepstad.
Årdølane mobiliserte
For vi ser ei mobilisering rundt kandidatane frå Årdal.
Andrekandidat Hilmar Høl frå Ap og fjerdekandidat Aleksander Øren Heen frå Sp vart renummerert i hundretal av sine veljarar.
Høl heile 914 gonger. Øren Heen 887 gonger.
Populære sistekandidatar
Nokre av sisteplassane på listene synte seg å vere populære hjå veljarane.
På tiandeplass hjå SV stod tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Heidi Grande Røys. Heile 121 veljarar ville flytte ho opp på lista.
På tiandeplass hjå Høgre stod Førde-ordførar Olve Grotle. Heile 394 Høgre-veljarar ville flytte han høgare på lista. Samtidig var det 178 som ville stryke han heilt.
– Det ser ut som veljarane i Høgre vil markere at Olve Grotle er ein populær kandidat som bør opp og fram. Og det same for SV når det gjeld Heidi Grande Røys. Desse to var sistekandidatar, fortel Knut Henning Grepstad.
– Dei blir kalla ankerkandidatar. Dette er kjente namn som står på sisteplass for å syne veljarane at dei støttar partiet og lista.