Bringedal meiner Statens vegvesen må gå over til å la private prosjektere og utvikle nye fjordkryssingsprosjekt.
– Dette vil gje betre og billegare bru-løysingar over norske fjordar, meiner han.
Statens vegvesen brukar i dag omfattande interne ingeniørressursar på å prosjektere ulike bruer kring om i landet sjølve. I samband med ein konferanse i regi av fagforeininga Tekna i Sogn og Fjordane sa Bringedal at dette er ei lite effektiv løysing som også fører manglande nyskaping.
- Les også:
- Les også:
Mange bruer under planlegging
Berre i samband med visjonen om i ferjefri E39, vil det i åra som kjem bli planlagt ei rekkje store bruprosjekt.
Dette er nokre av fjordane som det skal byggjast bruer over: Halsafjorden, Moldefjorden, Sulafjorden og Vardalsfjorden i Møre og Romsdal. Nordfjorden og Sognefjorden i Sogn og Fjordane. Bjørnefjorden i Hordaland og Boknafjorden i Rogaland.
– Vi er kritiske til at vi ikkje får vere med å utvikle vårt konsept som eitt av alternativa for fjordkryssingar, seier Bringedal.
Vegvesenet vil ha kompetansen
LMG Marin hevdar dei har utvikla ein teknologi som vil gjere bruløysingane langt billigare, men selskapet slepp ikkje til, ifølgje Bringedal.
Jorunn Sekse, prosjektleiar i Statens vegvesen, meiner på si side det er viktig at Statens vegvesen står for prosjekteringa av bruer.
– Det er Statens vegvesen som har ansvaret og er det viktig at vi har kompetanse på bruprosjektering, seier ho.
Viser til ferje-sektoren
Bringedal viser mellom anna til at Oljedirektoratet ikkje driv med eigenprosjektering av dei komplekse plattformene i Nordsjøen.
Innan ferjesektoren har Statens vegvesen slutta å drive eigenprosjektering. Dette er ein modell som bør veljast også når det gjeld store bruprosjekt, meiner Bringedal.
Sekse er ikkje samd.
– Eg meiner at viss vi skal drive prosjekta våre framover, er vi nøydde til å ha kunnskap om korleis dei blir prosjekterte, seier ho.