Kystdirektoratet vil bruke mange månadar på å godkjenne sikringane, men avdelingsdirektør Leif Jansen i Kystdirektoratet trur at utanlandstrafikken i hovudsak vil legge til norske kaier, også etter første juli.
Det er eitt og eit halvt år sidan krava om terrorsikring av norske hamner kom frå FN. Men bare tre hamner, Sture, Mongstad og Sandnes, får endeleg godkjenning før fristen første juli. Resten, opp mot fire hundre hamner, står i kø.
Kystverket må sjekke
For å få det endelege beviset på at hamna er terror-sikra må folk frå Kystverket reise rundt til alle hamnene og kontrollere at gjerder og piggtråd er etter krava. Hamnedirektør i Nordfjord, Kristoffer Stokke har gjerder og piggtråd på plass før første juli, men ventar på godkjenning. Han forventar at Kystdirektoratet uansett sørgjer for at den internasjonale skipstrafikken likevel vil legge til i norske hamner.
Florø og Flåm snart klare
Kystdirektoratet meiner Norge ikkje ligg etter andre land i framdrifta av terror-sikring, og avviser at endeleg godkjenning av tre hamner før fristen kan kallast ei flause.
Også Florø vil ha på plass gjerdene før første juli, og ved cruise-kaia i Flåm, er det meste på plass allereie. Olav Luhr, som administrerer cruisetrafikken i Flåm, trur ikkje mangelen på endeleg godkjenning vil få cruisetrafikken til Norge til å bryte saman, slik cruiseoperatørar fryktar.