Norsk Hydro har lagt fram ein rapport som seier at 600 arbeidsplassar i Årdal forsvinn dersom drifta vert fasa ut. Kommunen fryktar at heile 800 tilsette kan verte sette på porten.
Sjølv med investeringar i ny teknologi kan mellom 80 og 100 tilsette kome til å miste jobben.
Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er skuffa fordi Hydro har lagt mest vekt på konsekvensane dersom der ikkje vert ei modernisering.