Hopp til innhold

Vil la andre unge ta over stafettpinnen

Ole Gunnar Krakhellen var 19 år første gong han fekk plass på Sogn og Fjordane Høgre si stortingsvalliste. Elleve år seinare håpar han andre unge vil engasjere seg.

Ole Gunnar Krakhellen

NEI: Ole Gunnar Krakhellen blir ikkje å finne på stortingsvallista til Sogn og Fjordane Høgre neste haust.

Foto: NRK

– Eg har vore ungdomskandidat ved fleire val. Det er ikkje unaturleg for meg å seie at andre unge krefter kan få prøve seg, seier Krakhellen (30).

Sogn og Fjordane Høgre har spurt dei som stod på stortingsvallista i 2013 om dei stiller seg til rådvelde i 2017. Dei unge kandidatane, Embla Belsvik, Ole Gunnar Krakhellen og Vilde Tøfte Øvstetun har sagt nei (sjå faktaboks).

– Hovudgrunnen er at eg har fått jobb i administrasjonen i Sogndal, og eg føler at det å vere veldig aktiv som politikar blir vanskeleg med den jobben. I tillegg sit eg som vara til nominasjonsnemnda til Høgre, og det er ikkje mogleg å kombinere det med å vere kandidat, seier Krakhellen.

Har ein jobb å gjere

At alle dei unge kandidatane som stod på stortingsvallista i 2013 seier nei til å vere moglege kandidatar neste år, meiner han ikkje gir grunn til uro.

– Vi har sett at blant dei unge på listene er det større rullering.

– Har Sogn og Fjordane Høgre ein jobb å gjere for å få unge til å stille på lista?

– Alle parti har ein jobb å gjere med å få unge til å engasjere seg politisk.

– Veldig viktig

Arlene Vågene er leiar av nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Høgre. At alle dei tre unge som stod på lista i 2013 har sagt nei, kommenterer ho slik.

– Det er beklageleg at dei har sagt nei, men samtidig forstår eg det veldig godt, seier ho og viser til at unge kandidatar til dømes er i ein fase i livet der dei flyttar på seg.

Ho understrekar samtidig at det ikkje er noko automatikk i at dei som har sagt ja, blir renominert.

– Er det viktig at det også er unge representert på lista?

– Det er veldig viktig. Lista skal spegle folket og unge har mykje pågangsmot og gode idear. Så vi vil ha med unge folk på lista, akkurat på same måte som vi må få engasjert Senior Høgre.

Vil ikkje kommentere uro

Det siste halvåret har det vore mykje uro rundt Unge Høgre i fylket. Det vil ikkje Vågene kommentere.

– Unge Høgre er oppe og går. Det er mykje dyktige folk og dei er allereie byrja diskutere nye namn.

Krakhellen, som stod på stortingsvallista i 2005 og 2013, håpar andre unge vil ta hans plass i 2017.

– Det er alltid viktig å ha ei breidde i kandidatane. Eg håpar, og er sikker på, at vi får på plass gode ungdomskandidatar.