Han blir tidenes yngste ordførar

Ole Gunnar Krakhellen (25) blir den yngste ordføraren nokon sinne i Sogn og Fjordane. Dei neste fire åra skal han svinge klubba i Solund.

Ole Gunnar Krakhellen

YNGST: Ole Gunnar Krakhellen var strålande nøgd med valresultatet på valnatta. No kan han smile endå breiare etter at det er klart at han vert ordførar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Høgre gjorde eit skikkeleg brakval i øykommunen. Framgangen på 17,3 prosentpoeng gjorde at partiet enda med ein oppslutnad på 33,7 prosent oppslutnad.

Likevel har det gått fleire dagar med tøffe forhandlingar før det torsdag føremiddag vart klart at Høgre fekk ordføraren. Dei har inngått eit valteknisk samarbeid med Frp, som får varaordføraren, og Politisk uavhengig liste for Solund, PULS.

Med sine 25 år blir Krakhellen den yngste ordføraren gjennom tidene i fylket.

– Det har vore mykje fokus på ungdom på partilistene, så litt ungt blod også i ordførarkollegiet, det ser eg ikkje så mørkt på, seier ein særs nøgd Ole Gunnar Krakhellen til NRK.no.

Rolf Domstein var 26 år då han i si tid blei Høgre-ordførar i Vågsøy.

Ingen nykommar i politikken

Sjølv om han er ung er ikkje Krakhellen nokon nykommar i politikken. Sidan han var 16 år har han vore politisk aktiv, først i Ungdomsrådet i 2002 og seinast dei siste fire åra har han vore på Fylkestinget for Høgre.

– Eg er sikker på at eg skal ha tillit hos folket, sjølv om eg er ung, seier Krakhellen.

Og det er gjerne ikkje utan grunn at Krakhellen har blitt politisk aktiv. Far hans, Steinar Krakhellen har vore ordførar i Solund i fleire år. Først i perioden frå 1975–1981 og seinare i 1999-2003, då med reint fleirtal for Høgre.

– Det er klart eg har lært mykje av far min, seier Krakhellen.

Eg er sjefen

Med det sterke valresultatet får Høgre fem representantar i kommunestyret, og ein av dei blir pappa Krakhellen. Tidenes yngste ordførar i fylket synst det er heilt flott, men trur ikkje det hadde blitt noko krise om ikkje.

– Eg hadde nok klart meg godt uansett, seier Krakhellen.

– Kven er det som blir sjefen, far eller son?

– Nei, det er no eg som er ordførar, så det er meg, seier ein lattermild Krakhellen.

Krakhellen har allereie fleire ting på blokka som han ville med i tida framover.

– Først må vi få gjennomført den planlagde folkeavstemminga om vindkraft. Så har eg også sagt at vi må ha fokus på å få på plass bustadfelt i kommunen. I dag er det mangel på bustadtomter og då får vi ikkje den folketalsutviklinga som vi ønskjer, seier den yngste ordføraren i Sogn og Fjordane.