Han peiker og på at det ikkje vil bli gjort fleire investeringar i Norge med dagens rammevilkår.
Leiar i Høyanger Kjemiske Fagforening, Billy Fredagsvik, likar dårleg at Hydro-leiinga nok ein gong kjem med negative utspel.
Bygger ned kapasitet
Etter at kjempeinvesteringa i Sunndal er ferdig, skal Hydro heller bygge ned kapasiteten ved dei andre anlegga. Det vil i praksis seie at når Søderberghallane i Årdal og Høyanger blir fasa ut i 2007, så blir dei ikkje erstatta. Fredagsvik har no fått så mange negative signal frå Hydroleiinga at han i neste møte vil krevje klart svar.
Jon Harald-Nilsen har ikkje vore tilgjengeleg så langt i dag, men informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium seier det er ingenting nytt i det Nilsen har sagt. -Det er ikkje fatta noko avgjerd enda, men det er ikkje aktuelt å setje i gang noko konkret arbeid akkurat no, seier han.
Vil endre rammevilkåra
Det er rammevilkåra som etterkvart avgjer om Hydro vil satse på ei modernisering i Høyanger og Årdal. Slik situasjonen er i dag, blir det ikkje ei utbygging er meldinga frå Hydroleiinga. Og tida er knapp. I 2005 bør arbeidet vere i gang - og no vil Billy Fredagsvik og fagforeininga be politikarane endre rammevilkåra slik at investeringar i Sogn kan forsvarast.