Hopp til innhold

Iggy Pop kjem til Malakoff

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff er over seg av begeistring når han onsdag kveld kan avsløre den store stjerna som vitjar festivalen neste år: – Iggy Pop kjem til Eid, gliser han stort.

Iggy Pop

HAN KJEM TIL NORDFJORD: Iggy Pop kjem til Malakoff neste sommar.

Foto: Ferdy Damman / Afp

– Vi er veldig stolte og nøgde med å endeleg kunne fortelje at ei av verdas aller største rockepunk-legender kjem til vesle Nordfjordeid. Dette er rett og slett litt uverkeleg, seier Naustdal til NRK.no onsdag kveld.

Arnt-Ivar Naustdal

KRY: Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er kry over å ha fått punkrockelegenda Iggy Pop til festivalen på Nordfjordeid.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Rockefestivalen i Eid hadde då akkurat fått klarsignal på at dei kunne gå ut med at dei har fått ja frå den aldrande, men slett ikkje utdaterte artisten.

– Til sommaren skal vi skape musikkhistorie på Eid, seier Naustdal og viser til at Iggy Pop sist var i Norge i 2013 og 2006.

Hardt arbeid over år

Naustdal legg ikkje skjul på at det har vore mykje arbeid å lokke artisten til Malakoff.

– Vi har hatt lyst på ein slik artist i mange år, men har ikkje heilt nådd opp. No har vi lukkast, og det er fantastisk, seier han.

Han seier kontinuerleg arbeid over tid no har gitt frukter, og meiner fleire av artistane dei tidlegare har hatt på festivalen har vore gode ambassadørar.

– Andre artistar har gjerne fortalt at dette er ein liten, men bra festival. Det handlar også om å få dette til å passe inn for artisten, i forhold til kor tid og kor dei skal spele andre stader, seier Naustdal.

– Eg er litt skjelven

For han er det ekstra spesielt å få Iggy Pop til heimbygda.

– Dette er ein av dei eg høyrde på då eg byrja høyre på rock, så eg er litt skjelven nett no, seier Naustdal.

Den no 68 år gamle artisten er mellom anna kjent under tilnamna «the Godfather of Punk» og «the Rock Iguana» og blir skildra som eit fyrverkeri på scena.

– Dette er ein artist alle må oppleve live. Han har halde på i 50 år, og er still going strong, seier Naustdal.