Hopp til innhold

Stor interesse frå andre klubbar

Etter å ha knekt Haugesund nesten åleine med to skåringar, kan Ole Jørgen Halvorsen vere tapt for Sogndal.

Ole Jørgen Halvorsen

KAPRA: Ole Jørgen Halvorsen kan bli kjøpt av ein annan klubb.

Foto: Oddleif Løset/NRK

I kampen mot Haugesund skåra Ole Jørgen Halvorsen to mål og la opp til eit tredje mål. Men sjølv vil han ikkje tenkje så mykje på at interessa for han er stor.

– Eg prøvar å koble ut og fokusere på å spele fotball og kose meg. Det går ganske greit.

Sogndal vann 3 - 1 over Haugesund i går, og Halvorsen stod for to av måla.

Interessa vil auke

Før kampen hadde ei rekkje eliteserieklubbar sjekka referansane til den 23 år gamle vingen frå Sarpsborg. Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, med at det no vil komme fleire telefonar.

– Det er alltid slik med gode spelarar. Det blir interesse for dei, og det likar vi sjølv om det er ei utfordring.

Vil ikkje selgje

Halvorsen har skåra fire mål og har stort sett bore Sogndal sitt offensive spel åleine så langt i år. Nettopp vil det sitte langt inne for Sogndal å selgje vingen i sommar.

– Det heiter seg at dersom det rette tilbodet dukkar opp så kan det bli aktuelt. Men det trur eg ikkje, seier Fylling.

(Artikkelen held fram under bilete)

Trond Fylling

FLEIRE INTERESSERTE: Sportssjef Trond Fylling vil ikkje selgje Halvorsen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ingen konkrete tilbod

For sjølv om det er mange klubbar som er interessert er det lite som når fram til hovudpersonen sjølv.

– Ein høyrer jo rykter av og til, men ein veit jo ikkje før det kjem noko konkret på bordet.

Han trur sjølv at han spelar i Sogndal ut sesongen. Kva som skjer neste år er derimot meir usikkert.

– Det veit eg ikkje, vi får sjå. Men held eg fram å prestere slik som no, så vil det kanskje vere rett å ta eit steg vidare.

Ole Jørgen Halvorsen kom frå Sarpsborg midt i sesongen i 2009. Halvorsen har spelt 25 kampar for Sogndal og skåra 11 mål.