Hopp til innhold

– Trendy å gå til topps

SOGNDAL (NRK): Fjellsportfestivalen i Sogndal er i gang. I puddersnø, sol og fem minusgrader smiler folk på veg ned alpinbakken. Men om du har rett utstyr, kan du smile like breitt på veg opp.

Hedda Bulie Haanæs og Frida Isungset

OPP OG NED ER LIKE BRA: Hedda Bulie Haanæs og Frida Isungset viser fram randonee-skia sine.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Eg har ullundertøy, god skalbukse og skaljakke, lue og vottar. Vi har randonee-ski begge to, med lette sko og bindingar.

Hedda Bulie Haanæs og Frida Isungset går gjennom utstyret sitt. Dei har stått i bakken i Hodlekve heile dagen, men skal på ein lengre tur seinare. Dei fortel at randonee-ski er blant det viktigaste utstyret no. Med slike ski går ein like godt på topptur som ein står utfor i alpinbakken. Men kor mykje pengar dei har brukt på utstyret er dei usikre på.

– Eg kjøper alltid utstyr etter påske, då er det halv pris. Eg trur eg har brukt rundt 5 000 på skiutstyret mitt, seier Isungset.

Populært med topptur

Haanæs og Isungset er ikkje åleine om å kombinere alpinkøyring med turgåing. Reidar Dvergedal, dagleg leiar i ein sportsbutikk i Sogndal, seier at toppturtrenden har sett djupe spor lokalt, noko ein ser tydeleg i skibakken.

– Svært mange har tech-bindingar, det vil seia bindingar som har gå-funksjon. Det gjer at du kan gå deg ein tur utanfor anlegget før du kosar deg ned bakken.

Dvergedal fortel at dette utstyret er litt dyrare enn vanleg alpinutstyr.

Reidar Dvergedal

TIL TOPPS: Reidar Dvergedal.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Det er ganske avansert teknologi på både bindingar, sko og ski. Men det finst mange ulike nivå på dette utstyret òg. Ikkje alt er like dyrt.

– Kor mykje kostar det for fullt utstyr til ein topptur?

– Du må nok opp i 10 000 kroner om du skal få ei grei pakke. Så finst det sjølvsagt utstyr som er dyrare, dersom du har behov for det. Ein lidenskapleg vintersportsutøvar bruker gjerne det dobbelte, seier Dvergedal.

Passar på skredfaren

Salet av sikkerheitsutstyr er òg stort for tida. Seinast torsdag gjekk eit snøskred rett i nærleiken.

– Det har gått ras til alle tider, men med den utviklinga vi har hatt i utstyret så kan vi ferdast i fjellet på ein annan måte. Vi pressar stadig grensene, og utset oss for ein annan type fare enn det vi elles ville gjort. Det er ekstremt viktig å ta snøskredfaren på alvor, seier Dvergedal.

Hedda Bulie Haanæs og Frida Isungset er òg opptekne av sikkerheit. Dei har med spade, søkestong, sendar/mottakar og fyrstehjelpsskrin.

– Dette er alltid med i sekken, i tillegg til klede, mat, drikke og kniv, seier Frida Isungset.

Ski i sol

ENDELEG SNØ OG SOL: Etter ein dårleg vinter, kunne mange ta fram skia sine på Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK