NRK Meny
Normal

No kan det bli fart på arbeidet med ny E39

Arbeidet med å bygge ny E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster kan kome i gang tidlegare enn mange frykta.

E39

SMALT: E39 er svært smal fleire stader på strekninga Bjørset-Skei langs Jølstravatnet. No kan det likevel kome pengar til oppstart neste år.

Foto: Statens vegvesen

Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget vil i dag avgi innstillinga til statsbudsjettet, med ein merknad som gjer at E39 Bjørset-Skei kan starte allereie neste år.

– Det er ei samrøystes formulering som seier at E39 Bjørset-Skei skal prioriterast, og startast så fort som mogleg, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

Det var stort vonbrot i Jølster då det ikkje kom pengar over statsbudsjettet til å starte på opprusting av vegen mellom Bjørset og Skei i 2015. Strekninga går langs Jølstravatnet og er på enkelte punkt svært smal. Brosvik trur det kan bli oppstart i 2015 likevel.

Trude Brosvik

HAR TRUA: KrF- leiar Trude Brosvik trur det kan bli oppstart på E39 langs Jølstravatnet neste år.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fylkesleiaren meiner merknaden KrF har fått inn gjer at Statens vegvesen kan låne pengar i sitt eige system, og at det kan gjere at prosjektet kjem tidlegare i gang.

– Vegvesenet har sagt det er mogleg. Men dei trong ei prioritering. Med denne merknaden i komiteen og vegvesenet sine signal om at det ligg pengar i systemet, kan vi kome i gang i 2015, seier Brosvik.

Prøvde først på pengeløyving

Brosvik seier KrF opphavleg ville ha ei ekstraordinær løyving som utan tvil ville sikra oppstart i 2015.

– Vi prøvde først å sette av pengar som ei spesiell ordning og oppstartsløyving. No har vi fått ein samla komite med på ei sterk føring som er ei prioritering av den strekninga på E39, seier Brosvik, som har stor tru på start neste år.

– Er det slik at Statens vegvesen vil måtte ta pengar frå andre strekningar for å få pengar i Bjørset-Skei i 2015?

– Nei. Det ligg pengar i systemet. Det er ikkje slik at du sluttar å bygge veg ved Sande for å bygge veg i Jølster, seier Brosvik.

– Startsignal for oppstart

Dei siste månadane har vore ein berg- og dalbane for forkjemparar for utbetring av strekningen på 11 kilometer langs Jølstravatnet.

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp), var ein svært skuffa mann då statsbudsjettet ikkje gav pengar til oppstart. Men i dag er han langt meir optimistisk.

– Eg trur merknaden frå komiteen er gull verd for Jølster og Bjørset-Skei. Merknaden opnar for at vegvesenet kan jobbe vidare med prosjektet. Vi vil sjølvsagt ta dette opp med vegvesenet, og sjå kva vi kan få ut av denne merknaden, som på ein måte er eit startsignal for oppstart.

– Har du tru på at vegstellet vil finne pengar til å starte neste år?

– Eg har oppfatta Statens vegvesen som veldig framoverlente, og at dette er ein viktig strekning for dei. Eg stolar på at dei vil følgje opp dette, og jobbe vidare med det. Så langt har dei synt stor vilje til å prioritere dette anlegget, seier Klakegg.