Hopp til innhold

Varsla snøgrense på mellom 500 og 700 meter

– Skal du prøve deg over fjellet på sommardekk, så må du gjere det så tidleg som mogleg.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet

BLIR GLATT: Det er viktig å vere budd på at det kan verte glatt ved fjellovergangar i kveld. Dette biletet er frå Hemsedalsfjellet tidlegare i dag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Det er oppmodinga frå Statens vegvesen det komande døgnet. For meteorologane har varsla snøgrense på mellom 500 og 700 meter. Kanskje endå lågare.

Dei har sendt ut gult varsel for snø på fjellovergangane i Sør-Noreg for det neste døgnet.

Varselet gjeld for heile Vestlandet og så langt sør som til indre delar av Rogaland.

– Temperaturane fell betrakteleg utover kveld, natt og morgontimane. Dei som skal over på desse tidene, må ha vinterdekk, seier trafikkoperatør Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Sognefjellet måndag formiddag

VINTERFØRE: På Sognefjellet har det allereie komme store mengder med snø.

Foto: Statens vegvesen

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg seier vinden i ettermiddag dreier i nordleg retning og fører med seg kjøligare luft og lågare temperaturar.

– Skal ein litt opp i høgda i kveld eller i natt, så bør ein vere budd på at det kan vere glatt, seier han.

Meteorologane har førebels ikkje sett nærare på kor mykje ein kan vente seg av kvit nedbør.

– Det er snakk om byevêr, og då kan det vere store skilnader. Hamnar ein i ei slik bye, så kan det komme ein god del centimeter, medan andre ikkje merkar noko til det.

Kan legge seg i vegen

Snø i terrenget har siste tida ikkje vore eit heilt uvanleg syn på fjellovergangane. Snøen som har lagt seg i vegbana har stort sett forsvunne raskt.

Men det neste døgnet kan snøen legge seg også i vegbana.

– I dag har vi til dømes ein plussgrad i lufta, men åtte grader i vegbana. I morgon er det meldt ein del nedbør, og det kjøler veldig ned om det kjem som snø. Har ein heile tida byer med snø som kjøler ned vegbana, så kan det plutseleg legge seg, seier Molvær.

– Rekn god tid

Langtidsvarselet til yr.no fortel også om minusgrader både natt til torsdag og natt til fredag også.

– Folk må sjå på langtidsvarselet, og dei som prøver seg med sommardekk må køyre dagtid, oppmodar Molvær.

Det er ikkje meldt mykje vind, men nedbør i form av sludd eller snø kan redusere sikta.

– Første snøen kjem alltid brått på, og er ofte sleip. Vurderer ein å køyre på dagtid, så er det greitt å vaske dekka og ha med kjetting på boks, held Molvær fram og avsluttar:

– Dei som vil vere heilt sikre, bør bytte til vinterdekk og rekne god tid over fjellet.