Hopp til innhold

I morgon kjem sommarvarmen til fylket

Fleire stader i Sogn og Fjordane vaknar folk fredag til tåke og det som kan sjå ut til å bli ein grå dag. Men slik blir det ikkje, og i morgon kjem sommarvarmen tilbake.

Skjerjehamn/Utkant

SOL OG SOMMARTEMPERATUR: Det ser ut til å bli ein fantastisk sommardag i blant anna Skjerjehamn i Gulen i morgon. Dette biletet er frå slutten av mai i fjor, og i morgon skal det ifølgje meldingane bli 24 grader.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Det er skyer og litt tåke no i morgontimane, men det er venta å sprekke opp i løpet av føremiddagen. Så frå i ettermiddagen blir det ganske fint vêr, seier statsmeteorolog Haldis Berge ved Vêrvarslinga på Vestlandet fredag morgon.

Rundt om i fylket har folk fått erfare veldig vekslande vêr denne veka. Tysdag ausa det ned fleire stader, medan 17. mai for mange vart bada i sol frå nesten skyfri himmel. I går var regnet tilbake, og for dei som vaknar til skodde langs kysten i dag kan det kanskje sjå lite lovande ut.

Men som sagt, statsmeteorologen har godt nytt.

– Temperaturen i dag vil gå oppover, så det blir varmare enn det var i går. Vi kan få ein 16–19 grader, men det kjem an på kor tidleg skyene sprekk opp.

– Morgondagen ser ut til at det blir endå varmare. Då kan det kome opp i 20 grader fleire stader. Det blir opphaldsvêr og periodar med sol, fortel Berge.

Skåret i gleda er at sommardagen på laurdag blir avslutta med regn.

– Søndag startar litt slik laurdagen sluttar, med skyer eller delvis skya og periodar med regn og regnbyer utover dagen. Så det ser nok ikkje så bra ut for søndagen. Då blir det også lågare temperaturar, men mellom 11–14 grader i Sogn og Fjordane.

Når det gjeld vind melder Berge om ei nord-nordvestleg vindretning fredag, som aukar på til ein nordleg frisk bris i løpet av føremiddagen på kysten. I løpet av fredag ettermiddag blir det truleg ein nordaustleg stiv kuling rundt Stad. Laurdag blir vindretninga austleg, med ein nordaustleg liten kuling rundt Stad.