Hopp til innhold

I frisk luft

I den nye haustserien "I frisk luft" kan du vere med folk som brukar naturen.

Nærøyfjorden
Foto: Willy Haraldsen / Scanpix

Denne hausten kan du få møte personar i fylket, som brukar naturen på ulike måtar. Serien har vi kalla " I frisk luft" og går kvar tysdag klokka 7.42, med reprise i ettermiddagssendinga same dag. Vi blir med ut for å oppleve den aktiviteten vedkomande brenn for. 

På sopptur

Harald Eriksen frå Sande i Gaular er ein ivrig soppentusiast. Han har plukka sopp i over 20 år, og i tillegg held han soppkurs. Kantarell, piggsopp og steinsopp er nokre av sortane han legg i korga, og blant anna brukar til ei god hjortesteik. Reporter Camilla Tjønn Thingvoll blei med på sopptur på Sande.   I frisk luft - Sopp

På kajakktur

Bjørn Henrik Færøy Odeen brenn for kajakksporten. Berre 12 år gammal bygde han sin første kajakk. I dag er padlinga som medisin for han i ein kvardag der arbeidsdagen er inne på eit kontor.

Utanom å få trent, stiftar han fort kjennskap med symjande, firbeinte og tobeinte dyr når han er ute i vatn eller sjø.

Bli med mannen som har padla i nærare 30 år ut i frisk luft. I frisk luft - Padling

På familietur

Denne gongen skal det handle om å gå på familietur, og utgangspunktet denne gongen er på parkeringsplassen på Langeland. Reporter Heidi Fagna møtte Bendik, Magnus, Jens Petter og Ellen Katrine Bøe. I frisk luft - Familietur

På ridetur

15 år gammal fekk ho sin fyrste hest. I dag er det varmblodshesten Calix som er mannen i livet til Ida Sæterskar. Ho kunne ikkje ha tenkt seg ein dag utan det store dyret. Bli med på ridetur i frisk luft! I frisk luft - på ridetur

På rafting

For ti år siden vart han lokka med på rafting for første gong. No er Knut Arild Flatjord heilt hekta. Kvar sommar guidar han folk ned elver og stryk. I frisk luft - rafting

Isbading

For enkelte er badesesongen for lengst over. For andre varer sesongen heile året. Møt Torill Gundersen Faleide som trivst i iskaldt vatn. I frisk luft - isbading