Hopp til innhold

Bande fekk minibankar over heile landet til å «spy ut» pengar

I dag startar rettssaka mot tre rumenarar som er tiltalte for å manipulere minibankar på Aust– og Vestlandet. Banden fekk minibankar til å «spy ut» pengar.

Black Box-angrep

KJENT: Ifølgje Politiforum dukka metoden «black boxing» opp så seint som i 2015. Det neste året steig tal innbrot frå 15 til 58 i Europa.

Foto: Politiet

Dei tre rumenarane vart stogga etter eit mislukka innbrotsforsøk i Stryn for eit år sidan etter innbrot i fleire minibankar i Noreg. Etter ein politijakt over Strynfjellet vart dei pågripne i Lom i Gudbrandsdalen.

Inger Beth Fosse

JURIST: Politiadvokat Inger Beth Fosse og etterforskarane i Stryn fekk god utteljing på god og grundig etterforsking etter minibankinnbrotet i Stryn.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Dette er eit eksempel på kreativt og upåklageleg politiarbeid. Det er svært dyktige etterforskarar frå eit lite kontor i Stryn som står bak etterforskinga, seier politiadvokat Inger Beth Fosse i Vest Politidistrikt.

Uvanleg metode

Ved hjelp av den utspekulerte metoden, «black boxing», har tjuvane bora hol i minibankar og ved hjelp av ein laptop manipulert den til å «spy ut» pengar.

Europol kallar framgangsmåten «Black Box Attacks» og den blir gjort på følgjande måte:

  • Det vert bora hol i minibanken for å få tilgang til datasystemet og programvara i minibanken.
  • Der koplar tjuvane seg på med ei ekstern tilkopling som dei nyttar til å overstyra banken.
  • Ved hjelp av dette dataprogrammet legg dei inn ordre om at minibanken skal gje ut alle pengane som er der.

Rumenarane lukkast ikkje i alle forsøka, men potensialet er stort.

Dei tre tiltalte skal og ha vore involverte i innbrot i andre land i Europa før dei kom til Noreg. Tiltalen går på fleire innbrot i minibankar her til lands, på Skei i Jølster, Fredrikstad, Ski, Porsgrunn og i Stryn.

Politiadvokat Inger Beth Fosse vil ikkje seie kva straff ho vil gjere krav på for dei tre rumenarane.

– Det har forsvararane til dei tre tiltalte spurt meg om og, men det vil eg vente med å seie til vi er ferdige med bevisførselen, seier Fosse.

Leie av å sitte i fengsel

Dei tiltalte har snart vore varetektsfengsla i eitt år. Og forsvarar til den eine tiltalte, Ole-Petter Grythe Hoff, seier at hans klient er lei av å sitte i fengsel. Aktor, Inger Beth Fosse trur på si side at det kan bli lenger tid i fengsel for dei tre.

Ole-Petter Grythe Hoff

TAUS: Advokat for ein av dei tiltalte, Ole-Petter Grythe Hoff, seier at han vil freiste å gjere ein best mogleg jobb for sin klient. Ut over det vil han ikkje seie noko om kva hans klient synest om tiltalen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det kan absolutt bli snakk om å sitte lenger i fengsel. Så sant dei vert dømde, seier ho.

Ho fortel at to av dei tre tiltalte tidleg innrømte straffeskyld, mens den tredje enno ikkje vil vedkjenne seg å ha vore med på minibankinnbrota.

Forsvarar, Ole-Petter Grythe Hoff, seier at han ikkje har nokon kommentar til tiltalen.

Saka går i Sogn og Fjordane tingrett og er fastsett til å vare i fem dagar.

Politibetjentar i Stryn

INTERNASJONAL: Etterforskingsarbeidet til Politibetjent Vegard Dale, praksisstudent Lars Kristian Reknes og politibetjent Eirik Krossen vakte internasjonal merksemd. – Det er jo klart det er gøy at dei vart stogga i Stryn når dei har reist rundt i heile Europa, seier Dale til Politiforum.no

Foto: Erik Inderhaug / Politiforum