Hopp til innhold

I dag skal det plaske ned

Torsdag kan det komme 30-40 mm medbør. – Det som er spesielt, er at regnet kjem i løpet av berre seks timar, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Regn

DET BLIR VÅTT: Etter ein fantastisk onsdag mange stader, blir torsdagen langt gråare og våtare.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Det er venta mykje regn på heile Vestlandet. I Sogn og Fjordane vil det regne mest i indre strok.

– Det kjem hovudsakleg i kveld og i natt. Det er då den største nedbøren kjem i indre strok. Men det vil også komme ein god del nedbør i ytre strok, seier Mette Skjerdal ved Vervarslinga på Vestlandet.

Er det noko spesielt folk må passe på?

– Pass på at slukar er opne. Ein bør også halde seg unna store elver på grunn av auka vassføring.

Fare for jorskred

Dei som bur i indre strok må også rekne med ein del vind i dag.

– Det kan bli kraftig vind får søraust og kraftig høgdevind som slår ned i fjordane. På kysten er det roleg, men her blir det liten kuling spesielt rundt Stad i morgon.

Det er også varsla lyn og torden på deler av Vestlandet i løpet av tordagen.

Medan det er sendt ut OBS-varsel om flaum for deler av Austlandet, er det jordskred som er faren i vest på grunn av dei store nedbørsmengdene og relativt høge temperaturar. Ifølgje yr.no er det bratte skråningar og bekkar og elveløp med stor vassføring som er spesielt utsette.

– Det er gult varsel for jordskred for heile Vestlandet, seier Skjerdal.

Etter regn kjem sol

Men trass i ein grå torsdag, er det betre ver i vente. Meteorologen seier helga blir fin.

– Det blir ein heilt annan dag i morgon. Det blir periodar med sol og temperaturen vil stige. Det same gjeld laurdag og søndag.

Veret på Vestlandet

REGN: Slik ser det ut vertenesta til yr.no klokka 12.

Foto: yr.no