Hopp til innhold

I dag kan det bli vanskelege køyreforhold

Dei siste dagane har vore svært kalde, men i dag kryp temperaturane oppover på gradestokken. Det kan bety slapsete føre på vegane.

Slaps i vegen

KAN BLI SLAPS: Vêrskiftet som ein no får kan fort føre til slaps på vegane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

For ein mildare front er på veg inn no og med seg har den nedbør. Framleis kan det kome enkelte snøbyer, men utover dagen blir det mildare, og snøen går gradvis over til regn.

– Nedbør på veg inn i form av regn. Det vil nok kome som sludd eller snø i indre strok og i høgda i starten. Kaldlufta vil halde stand ei stund, men når vi kjem mot kvelden vil det nok etter kvart gå over til regn i alle fall i låglandet også i indre strok, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

– Kan bli ubehageleg føre

Og vêrskiftet kan bety vanskelege køyreforhold.

– Det er ei viss fare for det når det kjem litt meir samanhengande nedbør og vindauke i fjellet, så kan det bli litt vanskelege køyreforhold. Det er ikkje dei store mengdene med nedbør som er venta, men det skal jo ikkje mykje til når det kjem i sludd eller snø. Då er det veldig ubehageleg å køyre, seier meteorologen.

Utover dagen vil vinden dreie til sørvestleg retning. Då vil det vere snøbyer over 500–800 meter, avhengig av om du er indre eller ytre strok.

Det har vore sørleg sterk kuling nord i fylket på kysten i natt, og vinden vil halde fram utover dagen. Sør for Florø er det venta liten kuling, medan kysten nord for Florø kan vente seg stiv til sterk kuling.

– Det vil auke på litt utover dagen. Så det blir i alle fall sterk kuling, og kanskje liten storm ved Stad i løpet av ettermiddagen og mot kvelden.

Vinglete vêr

Heile tysdag vil vinden halde seg på sørvestleg retning og mildvêret med nedbør som regn i låglandet vil halde fram. Men allereie onsdag kveld snur det på nytt. Då snur vinden til nordleg retning att og temperaturane og snøgrensa vil falle.

– Vi har kome såpass langt ut i november og det er blitt såpass kalde luftmassar at no er det mest vindretninga som avgjer om det blir vinterleg ikkje. Så med ein gong den dreier over på nordleg fell temperaturane fort.

På torsdag og mot fredag blir det nye frontar med mild luft frå sørvest.