Hopp til innhold

Frank Willy Djuvik skal forsvare Frp-fargane - sjå utspørjinga her eller høyr på radio

I partiutspørjinga framfor stortingsvalet er i dag turen komen til Framstegspartiet og førstekandidat Frank Willy Djuvik.

Utspørjing av stortingskandidat for Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Partiutspørjing i Sogn og Fjordane

Dei to som til no har vore i elden er Sveinung Rotevatn frå Venstre og Vibeke Johnsen frå SV.

Det er grunn til å rekne med at Frank Willy Djuvik gjerne vil fronte ei av sakene Frp har sanka mange veljarar på: Nei til bompengar.

Erlend Blaalid Oldeide

UTSPØRJAR: Erlend Blaalid Oldeide.

Foto: Johan Moen / NRK

Men du kan kome med innspel på kva Djuvik bør svare på. Har du spørsmål du meiner Erlend Blaalid Oldeide bør stille til Frp så kan du sende det i ein e-post til sf@nrk.no.

Du kan sjå sendinga på nett-TV ved å klikke på pila i biletet øvst på sida eller høyre den på NRK P1 .

Dette er Frank Willy Djuvik

Reporter Eldgrim Fossheim introduserer alle førstekandidatane, og han har laga dette samandraget:

Ved dette valet får vi igjen ein test på om det å vere profilert, kunne spissformulere seg, vere aktiv på sosiale medier, bli kåra til vinnar av x tal politiske debattar, sette politisk dagsorden, i det heile vere eit politisk stjerneskot, gir utteljing i val.

For Frank Willy Djuvik er kanskje den mest profilerte politikaren i Sogn og Fjordane. Han er Frp i Sogn og Fjordane. Bystyremedlem i Flora, fylkesleiar, gruppeleiar i fylkestinget, og no altså førstekandidat til stortingsvalet.

Kan ikkje stole på stjernestatus

Og ut frå stjernestatus og profilering skulle alt ligge til rette for at Frp gjer eit brakval i haust. Men 33-åringen frå Florø kan ikkje stole på det. Historia viser at høg profil og politisk kjendisstatus ikkje alltid gir utteljing i form av veljarar.

Frp har tidlegare slite med det, både ved lokalval og fylkestingsval. No gjeld det stortingsplassen, som Åge Starheim vann i 2005 og forsvarte i 2009.

Frank Willy Djuvik er fødd i Florø. Han vart fylkesleiar for FpU alt i 2000, då han var 20 år gamal, og dette vervet hadde han med eit kort opphald til 2007, då han vart politisk nestleiar i fylkes-Frp.

  • Delta i debatten! Har du innspel til utspørjinga av Frank Willy Djuvik, send oss ein epost på sf@nrk.no, Twitter med hashtag #nrksf eller på vår Facebookgruppe.

I skuggen av veteranane

Året etter trekte han seg frå styret etter å ha blitt forsmådd i stortingsnominasjonen då. Men han kom tilbake.

Etter ein del år i skuggen av veteranane Åge Starheim og Jostein Kvalsvik med berre varaplass til fylketsinget, rykte han opp til fast plass på nyåret 2010, då Kvalsvik flytta frå fylket. Han vart og gruppeleiar og tok same året over fylkesleiarvervet.

I det sivile livet var Djuvik butikksjef for Lidl-butikken i Florø ein kort periode, og han har vore avdelingsleiar for ISS. I dag er han Frp-politikar på heiltid.

Fast mandat i det blå

Sjansane for Djuvik til å halde stortingsmandatet til Frp er redusert etter at Sogn og Fjordane no berre har fire mandat mot fem tidlegare.

Skal han ha sjanse på eitt av dei tre faste mandata må Frp bli større enn Arbeidarpartiet, Senterpartiet eller Høgre. Meiningsmålingane er heller nedslåande i så måte.

Han må overtyde langt fleire veljarar om at Frp sin politikk bygd på marknadsliberalistiske prinsipp og lover, med sterk grad av privatisering av offentlege tenester og konkurranseutsetting av det meste, er rette medisinen for distriktsfylket Sogn og Fjordane, sjølv om dugeleg skattelette kan freiste.

Greier ikkje Djuvik og Frp å overtyde fleire om dette så står nok Frp i reell fare for å miste distriktsmandatet ved dette valet. Han må i så fall, som mange andre, håpe på utjamningsmandat.