Hopp til innhold

Sjå Flatland avslutte si internasjonale karriere

Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vik går i dag sitt siste internasjonale renn som skiskyttar.

Ann Kristin Flatland

SLUTT: Etter dagens fellesstart i Holmenkollen, har Ann Kristin Aafedt Flatland avslutta sitt siste internasjonale renn.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Ann Kristin Aafedt Flatland har lenge gjort det klart at ho vel å leggje opp etter årets sesong.

Klokka 13 legg ho for siste gang ut i eit internasjonalt renn når verdscupsirkuset blir avslutta i Holmenkollen.

– Det er litt vemodig, men så kjenner eg også litt på den totale reisebelastninga som tek på både kropp og hovud. Eg ser fram til å gjere mindre av det framover, seier ho.

I Holmenkollen vart Aafedt Flatland nummer sju på sprinten og nummer ni på jaktstarten.

Når verdscupen er avslutta, står berre NM på Voss att før vikja legg børsa på hylla.

– Det er kjekt å få vere med her og få ei avslutning på karrieren, seier ho.