Hopp til innhold

No har ho berre to renn att

Ann Kristin Aafedt Flatland gjekk inn til 7. plass i sitt tredje siste verdscuprenn skiskyting nokon sinne. Med det hjalp ho lagvenninna Tora Berger eit steg nærare samanlagtsiger under sprinten i Holmenkollen i dag.

Ann Kristin Aafedt Flatland på veg mot mål i Holmenkollen 20.03.14
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

- Eg har lyst til å avslutta med ei god kjensle og tykkja skiskyting og idrett er kjekt. I dag hadde eg ei god oppleving. Dette er eit godt utgangspunkt for jaktstarten laurdag, sa Aafedt Flatland inne i målområdet i Holmenkollen.

To renn att

No står berre to renn og åtte skytingar att i hennar internasjonale skiskyttarkarriere. Den niande siste, ståande på skive 30 i Holmenkollen, var feilfri.

- Eg bestemte meg for å stilla meg på skive 30 fordi eg visste det var mindre vind der. Så eg hadde bra kontroll, sa 31-åringen frå Vik.

Dette var hennar første renn sidan OL i Sotsji, og det viktigaste bidraget hennar i dag var å auke avstanden mellom Tora Berger, som tok sølvet og den argaste konkurrenten hennar i samandraget, Kaisa Mäkäräinen.

Hjalp Berger

Etter kvart var det mange som plasserte seg mellom dei to, så mange at Mäkäräinen fall heilt ut av poengplassane. Med dagens plasseringar knappa Berger inn det finske forspranget til knappe seks poeng. Med to renn att og begge på heimebane er sjansane til Berger svært gode. Sin eigen verdscupplassering var ikkje Flatland like oppteken av.

- Eg veit ikkje heilt korleis eg ligg an sjølv, men eg hadde ei god oppleving i dag og er nøgd, seier Flatland. Trass i at forholda var heller dårlege. Skodde, regn og trått føre prega Holmenkollen i dag.

Kviterussiske Daria Domratcheva vann rennet og meldte seg dermed ytterlegare på kampen om samanlagtsigeren i verdscupen.