Hopp til innhold

I år skal dei vere med frå første serve

Førde volleyballklubb har spelt seks treningskampar. Og ikkje tapt eit einaste sett. – I år skal vi hevde oss med ein gang, lovar kaptein Mathias Loftesnes.

Mathias Loftesnes i angrep for Førde mot portugisiske Azores

HERJA: Førde volleyballklubb har siste to vekene herja med eliteseriekonkurrentane. I helga vann dei alle kampane under eliteturneringa i Volda.

Foto: Rune Fossum / NRK

I helga feia dei polske Lotos Trefl Gdansk, NTNUI og erkerival Viking av bana under eliteturneringa i Volda.

Førre makta heller ikkje Randaberg, ToppVolley og eit sterkt svekka Viking-lag å ta sett frå fjorårets seriemeister.

– Vi ser mykje betre ut no enn vi gjorde på same tid i fjor. Samspelet er mykje betre, vi har to stabile og gode leggarar som gir oss flyt i angrep og så ha Håvard gjort det veldig bra som libero, seier ein godt nøgd Mathias Loftesnes.

Vil ha suksess

Det er to veker til eliteserien startar med bortekamp mot Randaberg og ToppVolley. Dei to siste åra har gjeve to seriemeisterskap og eit cupmeisterskap.

Loftesnes & co. er svoltne på meir.

– Det er gode moglegheiter. Det viktigaste er sluttspelet og cupfinalen, så har vi også både nordisk og europacupspel i vente, seier han.

– I helga prøvde vi fleire oppstillingar og viste at vi kollektivt er blitt betre, legg han til.

– Førde er solide

Ivar Bakken

TRUR PÅ FØRDE: Ivar Bakken trur Førde volleyballklubb blir vanskelege å slå i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Viking-trenar Ivar Bakken vedgår at mykje tyder på at dei også i år vil komme for kort ut i kampen om seriemeisterskapen.

I dag tapte vann Førde 4–0.

– Vi fekk solid bank både i dag og førre helg. Det er ikkje tvil om at Førde er betre enn oss, og for å vere ærleg så ser eg ikkje kven som skal slå dei i år, seier han og legg til at han er usikker på korleis Tromsø og Koll står. Dei har også brukt sommaren på å forsterke.

Sterkare lag

Førde fekk ein veldig oppsving ved nyttår etter at oppleggaren Vitor Macedo kom til klubben.

I sommar vart det klart at han blir med gjennom heile komande sesong.

– Han er ei stor årsak til at Førde er så gode, men også nye Daniele Røed, Oskar Raftevold og Håvard Aarrestad har vore gode mot oss. Raftevold ser ut til å bli ein god midtspelar, seier Bakken.

– Førde er solide

– Vitor er ein kjempedyktig oppleggar som gir oss tryggleik i spelet. Han har mykje å seie, legg Loftesnes til og også framhevar oppleggar Anton Ringøen, som er ny i klubben.

Loftesnes trur at fleire treningskampar enn tidlegare år har gjort godt for samspelet i laget.

Dei neste to vekene blir det vanlege treningsøkter til seriestart første helga i oktober.

– Førde blir heilt klart laget som må slåast i år. Dei verkar veldig solide, avsluttar Bakken.