I dag starta styremøtet der det vil bli avgjort at den eldste produksjonshallen ved metallverket i Høyanger skal leggast ned eitt år tidlegare enn planlagt.
Generaldirektør i Hydro, Eivind Reiten, lova dei kring 100 demonstrantane at selskapet vil gjere det dei kan for å skaffe ny jobb til dei som må gå når hallen stengjer i løpet av året.