Hopp til innhold

Hydro tilbyr Årdal over 50 mill.

Hydro tilbyr Årdal kommune ein omstillingspakke på langt over over 50 millionar kroner.

For to veker sidan la Hydro på bordet  kring 45 millionar kroner til omstilling i Høyanger.

Informasjonssjef Kristin Brobakke seier at Årdal har fått tilbod om ein del meir.

- Vi vil etablere eit næringsutviklingsfond, der støtte til dørfabrikken Dooria er ein del, forklarar Brobakke.

 10-15 nye arbeidsplassar

Ho legg også til at Hydro vil bruke pengar på utvikling av ny teknologi, og at dette arbeidet vil føregå i Årdal.

Utvidinga av  teknologisenteret betyr mellom ti og 15 fleire tilsette. Det seier informasjonssjef Thomas Knutzen. I dag er det 57 tilsette ved teknologisenteret, som har utvikla teknologien som vart brukt ved moderniseringa på Sunndalsøra og som skal brukast ved den planlagde aluminiumfabrikken i Qatar.

- Krafta vert i Årdal

Eit omstridt punkt for å skape nye arbeidsplassar i Årdal er tilgangen på billig kraft. Hydro har lenge kjempa for å få ta med seg overskotskrafta når Søderberg-omnane blir stengde i 2007. Hydro har søkt Regjeringa om å få bruke denne krafta på anlegga sine på Karmøy og Sunndalsøra. Men no vurderer Hydro å tekkja søknaden og heller bruka krafta i Årdal, seier Brobakke.

- Vi kjem til å trenge kraft i Årdal når vi skal utvikle ny teknologi.

- Men det betyr at du altså i dag kan signalisere at krafta vert i Årdal?

- Eg vil ikkje sjå bort frå det, seier Brobakke til NRK.

Tilbakehalden

Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er meir tilbakehalden med det tilbodet som no ligg på bordet.

- Kommunen er inne i ein positiv dialog med Hydro, og jobbar konstruktivt for å finne gode løysingar, seier Lægreid.

Formannskapet skal handsame saka onsdag, men det er tvilsamt om det blir ei endeleg avklaring på om avtalen blir godteken då.

- Eg reknar med at det vil ta enno litt tid, seier ordføraren.