Ordførar Arild Ingar Lægreid reagerer sterkt på denne koplinga. Han ser på brevet som eit trugsmål.
Ekstraordinært formannskapsmøte
Brevet frå generaldirektør Reiten har ei slik form at formannskapet i Årdal vart kalla inn til eit ekstraordinært møte på vesle julafta, skriv Sogn Avis. I brevet ber Reiten om eit snarleg møte med kommunen. - Der vil me måtta sjå Hydro sin innsats i omstillinga i Årdal i samanheng med kraftdisponeringa, skriv han.
Gir ikkje vekk krafta
Kjernen i saka er denne: Når dei gamle anlegga i Årdal blir stengde seinast i 2007, og Hydro ikkje vil modernisere, blir det kraft til overs. Hydro aluminium vil gjerne ha hand om denne krafta for å bruka den gullkanta ressursen andre stader enn i Årdal. Dette protesterer Årdal kommune kraftig på. Det kjem ikkje på tale å gi frå seg overskotskrafta. Kommunen viser til ein avtale frå 1995, der det er føresett at krafta skal nyttast i Årdal. Krafta er Årdal sin store fordel i konkurransen med andre, både når det gjeld ny næringsutvikling og ei modernisering, seier ordføraren.
Departementet avgjer
Det er Nærings- og energidepartementet som skal avgjere om Hydro kan stikke av med overskotskrafta. I mellomtida er klimaet mellom industrisamfunnet og mektige Hydro kaldt.