Hopp til innhold

Hydro blar opp pengar i Høyanger

Hydro blar opp ein større sum pengar til eit fond som skal skape nye arbeidsplassar i Høyanger. Elles skal ingen fast tilsette miste jobben.

Kjartan Longva, ordførar i Høyanger
Foto: NRK

1. mars i år stoppar Hydro produksjonen i den eldste hallen ved metallverket i Høyanger. Hydro vil ikkje byggje ny hall når dei ny miljøkrava tek til å gjelde frå 1. januar 2007. Det betyr at 90 tilsette mister jobben.

- Dei fleste har alt fått jobb. Vi har eit svært lite personar igjen som skal omstillast. Det reknar eg med vi skal klarte utan at nokon vert arbeidslause, seier ordførar Kjartan Longva.

- De viktigaste tiltaka for dei som vert råka av nedbemanninga er tilbod om andre jobbar i Hydro, hjelp til omskulering og at Hydro bidreg med pengar til næringsutvikling. Instensjonen er at stenginga av C-hallen skal føregå utan oppseiinga av fast tilsette. Det er dette Hydro, Høyanger kommune og Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening no er blitt samde om, seier direktør Torstein Sjøtveit, som er ansvarleg for smelteverka i Hydro.

Ukjent sum

Hydro har lagt på bordet ein større pengesum som skal brukast til omstilling og næringsutvikling. Pengane er plassert i eit fond som skal ha lokal styring og eigarskap. Verken Hydro eller Høyanger kommune vil opplyse om kor stort fondet er.

- Som vanleg synest Hydro det er for mykje og vi for lite, så eg reknar med at vi har hamna på ein rimeleg grei sum. Vi har forhandla sidan før jul, seier Longva. 

- Men viss det skal vere noko som monnar, så snakkar vi vel om fleire millionar kroner?  

- Ja, det er klart vi snakkar om. Omstillingsarbeid og etablering av nye bedrifter er ikkje billeg.  

- Viktig med lokal styring

Longva er glad for at Hydro stiller opp for Høyanger-samfunnet, og ikkje minst har det mykje å seie at dei får lokal styring med korleis pengane skal brukast.

Omstillingsfondet er i utgangspunktet ikkje øyremerka for spesielle prosjekt eller tiltak, men skal brukast på lokal næringsutvikling som skal kompensere for stenginga av C-hallen