NRK Meny
Normal

Hydro blar opp 45 millionar

Hydro har sett av kring 45 millionar kroner til det nye omstillingsfondet i Høyanger, skriv firda.no.

Avtalen mellom Hydro, kommunen og fagforeininga vart offentleggjort onsdag.

Pengane frå fondet skal brukast til næringsutvikling som skal gje nye arbeidsplassar når Hydro 1. mars stengjer den gamle C-hallen på metallverket. 90 personar mister då jobben.

Verken Hydro eller Høyanger kommune vil opplyse storleiken på summen som Hydro no blar opp med for å hjelpe Høyanger-samfunnet. Men ifølgje firda.no skal den altså vere på rundt 45 millionar kroner.

- På noverande tidspunkt vil vi ikkje gå ut med summen. Eg har titt og ofte uttalt meg kritisk om Hydro, men det er av og til kjekt å kunne skryte litt av dei også. Denne avtalen syner at Hydro tek eit stor ansvar for lokalsamfunnet, seier ordførar Kjartan Longva til avisa.