Hopp til innhold

Hus og løe brann ned til grunnen

Eit bustadhus og ein driftsbygning på Flo i Oppstryn brann ned til grunnen torsdag ettermiddag.

Husbrann på Flo i Oppstryn.
Foto: Roger Vik

Husbrann på Flo i Oppstryn.
Foto: Roger Vik

Det bur tre personar i våningshuset på garden, men ingen av dei var heime då det byrja å brenne. Men kvinna som eig huset vart sende til legevakta med mindre røykskader etter at ho forsøkte å sløkkje brannen, opplyser politiet.

I tillegg til bygningane gjekk også ein bil og ein traktor opp i røyk.

Starta i skotørkar

Brannsjef Jarle Drageset seier at dei vil halde på med ettersløkking utover kvelden. Han opplyser at brannen starta i våningshuset på garden.

- Førebelse undersøkingar tyder på at brannen kan ha starta i ein skotørkar som stod på, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Brannvesenet fekk melding om brannen litt over klokka 14.30 torsdag.

Det var ikkje dyr i driftsbygningen som brann ned.