Det var politiet som skaut mot hunden etter at han hadde angripe ein mann, men hunden rømde. Leitinga vart avslutta fredag ettermiddag utan resultat, men politiet skal vurdere å halde fram laurdag.
Hunden gjekk torsdag kveld til åtak på ein mann som greidde å kome seg inni ein bil og varsle politiet. Sidan hunden var så mannevond såg ikkje politipatruljen nokon annan utveg enn å skyte han. Dei skadeskaut hunden, som sprang inn i skogen. Politiet leita i fleire timar natt til fredag og fredag etter den skadde hunden.
Hunden stakk av frå eigaren etter å ha vore borti eit elektrisk gjerde fredag.