Hopp til innhold

Hunden ”Diesel” er berga

Etter fleire dagar i uvissa kom endeleg nyheita matmor Siri Sørdal i Stryn har venta på. Redningsmannskapa har kome fram til hunden ”Diesel” og han er no på veg heim.

Siri Sørdal saman med Diesel (4)

ENDELEG REDDA: 'Diesel' er torsdag ettermiddag på veg ned frå fjellet der han har site skårfast sidan 1. juledag.

Foto: Privat

- Det er heilt fantastisk. Rett og slett kjempekjekt, seier ei lukkeleg Sørdal til NRK.no.

Fleire dagar med uvisse

Det var 1. juledag at "Diesel" (4) stakk av då han var med på skitur. Sidan då har matmor Siri Sørdal levd i uvissa. Det er gjort fleire forsøk på å redde ned hunden, men fram til i dag har ein ikkje klart det.

Diesel (4)

TØRST: Ein tørst Diesel var glad for å endeleg vere heime att hos matmor.

Foto: Privat

Seinast onsdag måtte både fjellredningstenesta frå Jostedalen og luftambulansen gje tapt mot naturen.

Meldingar om mykje vind og nedbør gjorde at torsdag ettermiddag truleg var siste frist for å berge ned "Diesel" før året var omme.

Redningsaksjonen lukkast

Torsdag føremiddag vart difor fire menn frakta i helikopter opp på fjellet for å gjere eit nytt forsøk på å redde ned hunden. I fleire timar kjempa dei mot naturen og til slutt lukkast dei.

- Dei hadde først tenkt å gje seg. Dei hadde ikkje nok tau til å kome nær nok, og hunden ville ikkje gå til dei, fortel Sørdal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Hunden Diesel på fjellhylle

VENTA PÅ FJELLHYLLE: Her venta den irske setteren 'Diesel' i fleire dagar.

Matmor lokka via sambandet

Sjølv ikkje matmor si lokking klarte med det første å få hunden til å gå redningsmennene sine i møte.

- Eg lokka på han gjennom sambandet. Eg ropte at han var flink og at han måtte komme, men han ville ikkje, seier Sørdal.

Men etter mykje fram og tilbake klarte redningsmennene til slutt å få ”Diesel” i band.

- Eg kjenner på det no, at dette her er berre heilt fantastisk, seier ei rørt matmor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Siri Sørdal og Diesel (4) saman med mannskapet som vart berginga for det firbeinte familiemedlemet.

TAKKSAM: Siri Sørdal og Diesel (4) saman med mannskapet som vart berginga for det firbeinte familiemedlemet.

Foto: Private

Røde Kors bistår redningsmennene

Mørket har lagt seg over Stryn og dei fire mennene i fjellet får no hjelp til å kome seg trygt ned. Mannskap frå Røde Kors Stryn er på veg for å gå redningsmennene i møte.

- Dei har både snøscooter og beltevogn og er på veg oppover i fjellet for å møte dei. På den måten håpar vi at alle skal kome seg trygt ned, fortel Linda Bøe i Stryn Røde Kors.

Terrenget der ”Diesel” har sete skårfast er svært vanskeleg tilgjengeleg. Det er både bratt, ulendt og mykje snø og is gjer det vanskeleg å ta seg fram.

- Dei har gjort ein kjempejobb, seier Bøe i Stryn Røde Kors.

- Eg håpar berre alle kjem seg trygt ned. Dette har vi venta på lenge, seier matmor Siri Sørdal.

Ved 22-tida torsdag kveld får NRK opplyst av folk på staden at "Diesel" og redningsmannskapa hans er nesten nede frå fjellet.

Kart over Stryn

HER VENTA DIESEL: På Strynsida av Årheimsfjellet.