Hopp til innhold

Prøver igjen - vil hente ned Diesel

Eigarane av «Diesel» (4) gjer likevel eit nytt forsøk på å få den skorfaste irske setteren ned frå fjellhylla i Stryn.

Diesel (4)

FIN FORM: - Han spring rundt, hoppar og bjeffar. Folk ringer og fortel at dei høyrer han. Det er i alle fall positivt, seier matmor Siri Sørdal som ikkje har gjeve opp å bli gjenforeint med Diesel (4).

Foto: Arne Vik / NRK

Onsdag måtte fjellredningstenesta i Jostedalen og luftambulansen gje tapt mot naturen .

Håpet om å få ein erfaren fjellmann inn til Diesel i dag, brast først då dei ikkje lukkast å få ein taukyndig person med på oppdraget.

No vil dei likevel prøve igjen: Torsdag ettermiddag vil eit helikopter prøve å ta seg opp i området for om mogleg hente «Diesel» ned.

- Værmeldinga fremover ser skummel ut - mykje vind og nedbør vil stoppe alle forsøk hvis vi ikkje lykkast no, melder eigarane

Kjøper seg tid

Diesel (4)

SÅRT SAKNA: Diesel har site skorfast sidan første juledag.

Foto: privat

Tidlegare i dag hyra hundeeigarane inn eit privathelikopter for å dumpe fôr og høy der «Diesel» sit.

Hunden kom bort første juledag under ein tur på Årheimfjellet mellom Loen og Stryn.

- Hunden virkar i veldig god form. Sjølv om det er meldt om styggever, så vil han klare seg rimeleg bra der oppe nokre dagar til om vi får opp mat. Vi ynskjer å kjøpe oss litt tid. Då kan han kanskje klare seg i fleire veker der, seier Sørdal og legg til:

- Så får vi vurdere fortløpande om vi skal leige helikopter ein gong til og få han avliva.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Tomhendt tilbake

TOMHENDT: Onsdagens bergingsaksjon gav ikkje resultat.

Takkar for all hjelp

Bergingsaksjonen har vekt sterkt engasjement hos folk over det ganske land. Luftambulansen tok oppdraget onsdag som eit treningsoppdrag, og eit stort tal stryningar følgde gårsdagens forsøk på å gjenforene den firbeinte med familien sin.

Bergingsaksjon for å få Diesel (4) ned frå fjellhylla.

FÅR MAT: Helikopteret blir lasta med mat og høy som skal droppast ned nær Diesel.

Foto: Arne Vik / NRK

- Vi er kjempeglade for hjelpa vi har fått. Det er fleire som vil hjelpe, men det er ikkje berre å knipse med fingeren, seier ho.

20 meter frå «Diesel»

Fjellredningsgruppa kom onsdag berre eit lite steinkast frå «Diesel». På grunn av mørket kunne dei ikkje gjere meir for å ta seg ned til hunden.

- Dei kom 20 meter frå og stod og såg på kvarandre. Skulle dei kome ned måtte dei ha laga sikringsplass og fira seg ned. Då hadde dei trengt lengre tid. Sjølv om det er bratt der, så er det nok folk som vil klare dette på ein okay måte, trur matmor Sørdal.

Nyttårsynskjet er klart

Siri Sørdal

VENTAR: Siri Sørdal har ikkje gjeve opp håpet om å bli gjenforeint med familiehunden.

Foto: Vegar Erstad / NRK

For Sørdal er årets nyttårsynskje klart.

- Det er for han. Eg håpar at nokon på ein eller annan måte kunne hjelpt oss, seier ho.

Familien betalar sjølv for bergingsaksjonen. Å eventuelt leige eit redningshelikopter kostar 50 000 kroner i timen. Sørdal trur dei vil trenge det i to timar.

- Det er sjølvsagt ei smertegrense, men den er ikkje nådd endå. Vi betaler gjerne 30 - 35 000 kroner for å få dette til, seier Sørdal.