Hopp til innhold

Luftambulanse skal få «Diesel» ned

Ein luftambulanse er no på plass i stryn for å få berga den irske setteren «Diesel» ned frå fjellhylla.

Helikopter skal redde ned Diesel

BERGINGSAKSJON: Diesel (4) har site fast i fjellet sidan han stakk av under ein skitur første juledag. Eit helikopter skal onsdag ettermiddag berge hunden ned.

Foto: Silje Guddal (MMS-foto) / NRK

Diesel (4)

SIT FAST: Diesel (4).

Foto: privat

Den alpine redningsgruppa frå Hafslo makta ikkje å kome seg ned til hunden som har site fast på fjellhylla sidan første juledag.

Matmor Siri Sørdal ynskte ikkje at redningsmannskapet skulle ta nokon sjansar. Området er svært bratt og ulendt.

Medan redningsmannskapet måtte melde pass, vart luftambulansen sett inn i bergingsaksjonen like over klokka 14.

Hunden er lokalisert, og luftambulansen sirklar over for å finne ein stad dei kan fire ned ein bergingsmann for å få henta hunden ut.

- Det er eit vere eller ikkje vere for å få hunden ned i live, seier Sørdal og kryssar fingrane for at bergingsaksjonen får ein lukkeleg utgang.