Fylkestinget vedtok opprusting, men tunnelen får ikkje naudnett og DAB

Fleirtalet i Fylkestinget bestemte seg tysdag for å ruste opp Høyangertunnelen for 170 millionar kroner. Skulle tunnelen fått naudnett eller mottak DAB måtte politikarane brukt meir pengar.

Fylkestinget har vedteke å ruste opp Høyangertunnelen for 170 millionar kroner. Men tunnelen blir utan naudnett og mottak for DAB-radio.

UTAN NAUDNETT OG DAB: Fylkestinget vedtok ei 'fattigmannsopprusting' av Høyangertunnelen. For 170 millionar får ikkje politikarane naudnett og DAB i tunnelen.

Høgre og Senterpartiet var ikkje samde om prioriteringane for opprusting av Høyangertunnelen under Fylkestinget tysdag. For å få ei fullstendig opprusting måtte politikarane løyve 220 millionar kroner. Men fleirtalet enda på å løyve 170 millionar. Det held ikkje til digitalt naudnett og mottak for DAB-radio.

Fylket må kutte til beinet

Arnstein Menes i Senterpartiet og som leiar for samferdsleutvalet peika på at fylket er i ein økonomisk krevjande situasjon.

Arnstein Menes

FEKK VILJEN SIN: Arnstein Menes prioriterte å ruste opp fleire tunnelar framfor å bruke 220 millionar kroner på Høyangertunnelen.

– Vi har eit etterslep på tunnelar på 2,6 milliardar kroner. Minimum 700 millionar kroner på tiltak som vi å gjere på kort sikt. Så difor kan vi ikkje prioritere 50 millionar kroner ekstra utover tunnelforskrifta.

Sogn og Fjordane fylkeskommune må kutte til beinet dei kommande åra etter at det nye inntektssystemet vart vedteke.No må politikarane spare der det sparast kan. Dermed vart det diskusjon rundt opprustinga av Høyangertunnelen under Fylkestinget tysdag.

Høgre var i mindretal

Ole Gunnar Krakhellen frå Høgre høyrde til mindretalet saman med KrF og Venstre som ville ha ei utvida opprusting av tunnelen.

– Brukar vi dei midlane vi treng sparar vi 50 millionar kroner på lang sikt. Statens vegvesen har tilrådd at dersom vi skal gjere dette, må vi ta alle tiltaka på ein gong, elles blir det dyrare. Difor ønskte vi ei fullgod løysing med ein gong slik at vi slepp å grave på nytt i tunnelen om nokre år for å gjere arbeidet skikkeleg.

(Artikkelen held fram under bilete)

Høgrebenken på fylkestinget

VART I MINDRETAL: Høgre ved Ole Gunnar Krakhellen vart i mindretal, han ønskte ei opprusting til 220 millionar (Arkivbilete)

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Men kor ansvarleg er det av Høgre i ein periode der ein skal spare pengar å gå inn for å bruke mest mogeleg på Høyangertunnelen?

– Vi vil ikkje bruke mest mogeleg. Vi meinte at 220 millionar kroner totalt var nok. Då ville vi fått digitalt naudnett på plass i den lengste fylkesvegtunnelen i fylket. Vi har gjort den prioriteringa av pengane.

– Då ville vi kanskje sleppe å gå inn i eit fylkesting om nokre år å seie at ny opprusting vil koste kanskje 100 millionar kroner på å gjere same jobben.

Treng 50 millionar til andre tiltak

Men Senterpartiet var ikkje villige til å bruke pengane på same måten som Høgre.

– Hadde vi hatt alle pengane skulle vi gladeleg gjort det. Vi ser også behovet for naudnett. Men regjeringa innfører ei tunnelforskrift som set nokre krav og dei krava tilfredsstiller vi. Men det skal vi også gjere i fleire titals andre tunnelar. Så vi treng sårt dei 50 millionane til andre tiltak, seier Menes.

– Dei 50 millionane Krakhellen ønskjer å brukar på Høyangertunnelen vil gå utover anna vedlikehald og tiltak i andre tunnelar. Difor vil vi prioritere Høyangertunnelen slik forskrifta krev og så vil vi prioritere andre tunnelar i tillegg, seier Arnstein Menes.

Krakhellen på si side minner om at regjeringa har løyvd 65 millionar kroner til opprusting av tunnelar i Sogn og Fjordane.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.