NRK Meny
Normal

Høyanger får 65 millionar kroner

65 millionar kroner er summen Høyanger kommune har fått i omstillingsmidlar frå Hydro.

Det har lenge vore kjent at kommunen fekk pengar til eit omstillingsfond, men summen vart først kjend i går. 

Ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, seier til Firda at han er brukbart nøgd med summen.

 Pengesummen skal gå inn i eit lokalstyrt omstillingsfond, og utbetalinga skal skje innan 1. april.

Avtalen skal godkjennast av kommunestyret.

 

 

 

 

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast