Hopp til innhold

Hovudmannen pågripen i Ungarn

Den andre av tre rumenarar som er sikta etter innbrotet på Biltema i fjor haust, vart nyleg pågripen i Ungarn.

Innbrotstjuvar tek seg inn på Biltema.

SJÅ VIDEO: Mennene fekk ikkje med seg verdiar, men gjorde ein del skade under innbrotet på Biltema i fjor haust.

Mannen vart pågripen som følgje av ein internasjonal etterlysing. Han er førebels ikkje avhøyrd.

Bernt Erik Olsen ved eininga for mobile vinningskriminelle i Hordaland politidistrikt seier mannen blir utlevert til Norge.

– Vi meiner han er hovudaktøren i grupperinga. Han blir utlevert til Norge og fengsla i løpet av veka, seier Olsen.

Dermed er to av dei tre sikta etter eit innbrotsraid på Vestlandet i fjor pågripne. Mennene i 20-åra kvilte ikkje akkurat på lauvbæra etter at dei kom til Norge på hausten. Politiet meiner at dei rakk å gjere 35 lovbrot i løpet av dei to første vekene.

I starten av november tok dei seg inn på Biltema i Førde, men makta ikkje å bryte seg inn i safen. Den første vart pågripen etter ein leiteaksjon på Askøy ei veke seinare.

Framleis er altså ein mann på frifot. Hovudforhandlinga kjem opp i Bergen tingrett i november.