Hopp til innhold

Slik enda turen for tjuvane - og i framsetet låg brekkjarnet

Den etterlyste BMWen etter dei to innbrota på Vassenden og i Førde i natt, vart funnen forlaten, med eitt hjul i lause lufta, på ein skogsveg like ovanfor Førde sentrum klokka 11.30. I framsetet låg brekkjarnet som tjuvane har brukt.

La at brekkjarn i ransbilen

LÅG ATT: Eit brekkjarn låg att i den stolne BMWen som truleg vart nytta under innbrota på Vassenden og i Førde natt til fredag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Dette er ein BMW X3 som vi fekk tips om i natt etter innbrot både på Vassenden og i Førde. Bilen er no funnen i Hafstadbakken, seier politibetjent ved Førde og Naustdal lensmannskontor, Bjarne Brudevoll.

Bilen var køyrd til endes på ein skogsveg like ovanfor innkøyringa til Førde austfrå. Her var bilen forlaten i skogkanten, med venstre framhjul dinglande i lause lufta over ei djup grøft.

Politiet kjenner seg sikre på at det er denne bilen som vart nytta under innbrota både ved Coop-butikken på Vassenden i Jølster og Biltema i Førde, som skjedde mellom klokka 00.55 og 02.00 natt til fredag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

STOD FAST: Bilen var køyrd så langt til skogs som det var mogleg. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Hadde lagt att brekkjarnet

Tjuvane skal ikkje ha fått med seg noko av verdi frå innbrota. Men ved Biltema er både ei glasrute og fleire dører øydelagde, då tjuvane har brukt brekkjarn for å komme seg inn.

Brekkjarnet låg lett synleg på passasjerplass i bilen då bilen vart funnen.

– Det er rimeleg å tru at dette er brekkjarnet som dei nytta for å bryte seg inn, seier Brudevoll.

Politiet har førebels ikkje konkrete tankar om kven som har køyrt bilen og forlate han på skogsvegen.

– Vi har ingen sikre tankar om det. Men vi har mobile vinningskriminelle i bakhovudet. Men det veit vi ikkje sikkert, seier Brudevoll.

(Artikkelen held fram under biletet)

Parkerte bilen til skogs

HIT, MEN IKKJE LENGER: Bilen var køyrd så langt som det var mogleg å køyre på skogsvegen, før han var forlaten med ei hjul dinglande i lause lufta.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Hadde stole både bil og skilt

Politiet veit med sikkerheit at bilen er stolen.

– Både bil og skilt er stolne. Bilen vart stolen i Bergen i slutten av oktober. Skilta er stolne frå ein annan bil, seier Brudevoll.

Bilen vert flytta med bergingsbil ned til ein eigna stad, der politiet vil gjennomføre undersøkingar.

– Vi vil ta ein grundig sjekk av bilen, seier Brudevoll.

Det var ein turgåar i området som oppdaga bilen og tipsa politiet om at dette kunne vere den etterlyste bilen.

– Han hadde høyrt i media at vi var på jakt etter bilen, seier Brudevoll.

Created by InfoDispatcher

SKAL UNDERSØKAST: Den stolne bilen vart frakta til lensmannskontoret i Førde med bergingsbil, der det vil bli gjort grundige undersøkingar av bilen. Foto: Tone Merete Lillesvangstu