Hopp til innhold

Skal ha stått bak 35 lovbrot på to veker

Rumenarane politiet meiner stod bak innbrotet på Biltema i Førde i fjor haust, kvilte ikkje på laurbæra etter at dei kom til Norge.

Innbrotstjuvar tek seg inn på Biltema.

SJÅ VIDEO: I Førde øydela tjuvane for større verdiar enn dei fekk med seg. Men totalt skal dei tre sikta ha fått med seg verdiar for rundt to millionar, stadfestar politiet.

Politiet knyter dei tre mennene i 20-åra til 35 lovbrot på Vestlandet i løpet av vel to veker.

biltema i Førde i starten av november greidde dei ikkje å bryte seg inn i safen, og forlèt bilen på ein skogsveg og stakk av. Ei veke seinare vart ein av dei arresterte etter ein leiteaksjon på Askøy.

Mykje tjuvegods har ikkje kome til rette

Saka har berre auka i omfang, og lovbrota er fordelte på Hordaland, Sogn og Fjordane og Haugaland politidistrikt, med hovudtyngda i Hordaland. Brotsverka varierer frå tjuveri, til tjuveriforsøk og tjuveri av motorvogner og registreringsskilt. Tidlegare har politiet opplyst at det i hovudsak er snakk av tjuveri av kontantverdiar frå bedrifter.

– Vi har ikkje total oversikt over verdiane enno, men totalt er det no rett i underkant av to millionar i stolne verdiar og skader i samband med lovbrota, seier Bernt Erik Olsen ved eininga for mobile vinningskriminelle i Hordaland politidistrikt.

– Har mykje tjuvegods kome til rette?

– Nei, ikkje anna enn ein del stolne køyretøy.

Veit de noko om kor resten har blitt av?

– Det kan eg ikkje seie noko om no, seier Olsen.

Fann stolen bil

STOLEN BIL: Rumenarane forlét denne stolne bilen på ein skogsveg utanfor Førde etter innbrotet på Biltema, og reiste så vidare. Dei er no sikta for 35 lovbrot.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Omfattande etterforsking

Dei tre mennene er sikta for 35 lovbrot i løpet av perioden 26. oktober til 12. november i fjor. Ifølgje Olsen hadde dei berre vore i Norge i kort tid før innbrotsbølgja starta.

Måndag vart den eine varetektsfengsla i fire nye veker, men framleis er to på frifot og etterlyste. Det er endå uklart kva tid rettssaka mot den varetektsfengsla kan starte.

– Det har vore ei ganske omfattande etterforsking fordelt på tre politidistrikt, og ting tek ofte tid, til dømes når ein ventar på svar på tekniske undersøkingar. Men vi ser for oss å vere ferdige med etterforskinga innan neste fengslingsperiode.

– Kan det blir snakk om å knyte dei til endå fleire lovbrot?

– Vi kan ikkje utelukke at det kan dreie seg om fleire forhold, men slik det ser ut no vil ikkje siktinga bli utvida når det gjeld talet saker.