Hopp til innhold

Hovland spelar ikkje mot Rosenborg

Even Hovland (22) har framleis plager med overbelastning i lysken, og spelar ikkje kampen heime mot Rosenborg laurdag.

Even Hovland

Even Hovland tek ingen sjansar med lyskeproblema sine, og står over kampen mot Rosenborg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det melder Sogn Avis.

Tek ingen sjansar

Han har i lengre tid slite med lyskeproblem, og vel no å stå over kampen mot Rosenborg for å ikkje ta nokon sjansar.

– Det er betre, men eg kjenner det framleis litt, og vil ikkje ta nokre sjansar. Det er mange kampar att av sesongen, og då vil eg ikkje risikera å øydeleggja heile hausten, seier Hovland til avisa.

Eirik Bakke skal óg vera speleklar, og kjempar om den siste sentrale midtbaneplassen med Ørjan Hopen og Henrik Furebotn. Elvis er venta å vera den andre sentrale midtbanespelaren.

Publikumsrekord

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad forventar 4000 tilskodarar til kampen laurdag, noko som vil bety publikumsrekord på nye Fosshaugane Campus.