NRK Meny
Normal

Hotell utsett for angrep av datahackarar

Datahackarar har angripe datasystemet til Selje Hotell og tatt kontroll over alle bookinglister med rombestillingar.

Selje Hotell

UTSETT FOR DATAANGREP: Selje Hotell ber alle gjestene om å kontakte dei, for å få lagt inn bestillingane på nytt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

No krev hackarane pengar for at hotellet skal få tilbake listene. Saka blir meld til politiet.

I mellomtida anar ikkje hotellet kven som har tinga rom.

– Alle bookingane våre for heile året og sesongen er sperra, så vi veit ikkje kven som kjem. Difor ber eg alle som har bestillingar hos oss om å ta kontakt, slik at vi får lagt inn bestillingane på nytt, seier Jan-Sindre Hamre ved Selje Hotel.

Han vil ikkje ut med kor stor sum hackarane krev for å gje hotellet tilgang til datafilene sine igjen.

Lensmann Tormod Vattum i Vågsøy opplyser at dei er kjende med saka. Lokalt politi vil over helga be om hjelp frå dataekspertar i Kripos.