Om sogningane var noko seint ute då Sommerbåten la til kai i ettermiddag var dei desto tidlegare ute i kveld. I timane mellom den flotte mottakinga av båten og sendinga var det eit jamt sig av folk nedom kaien. Mange nytta høvet til god mat og drikke i kafeen like ved båten.
Og då sendinga på NRK1 starta hadde sogningane gjort som florøveringane dagen før: Fleire hundre skuelystne møtte opp på Dampskipkaien. Ein sogndøl i publikum uttrykte det slik: «Mi kan når mi vil, altso»
Unge Christopher Solheim hadde all grunn til å vere nøgd med årets andre stopp for Sommerbåten: Sogndal-turen med besteforeldra enda med ein fin, ny fotball signert av Ulrik Flo.
– Han skaut den ut blant publikum og eg fekk ballen.
– Fekk han?
– Eg tok han, seier Solheim, som til dagleg er målmann for heimklubben på Sandane, STIL. Og redningen av «skotet» frå Sogndal-spelaren var berre kransen på kaka; høgdepunktet på ein flott dag.
– Vi har vore her heile dagen. Vi var inne på båten. Fekk sjå studio og slike ting, seier ein entusiastisk Solheim.
Blant gjestene du kan sjå i heile sendinga under, er Ulrik Flo, Liv Signe Navarsete, Yngve Hallén, Gro og Trine Lerum og fotograf Arnold Lan.
Sjå bileta frå når sogningane tok imot Sommerbåten:
Her kan du følgje Sommerbåten minutt for minutt: