Hopp til innhold

Hopen: Sogndal er stor favoritt til opprykk

SOGNDAL (NRK): Den gamle Sogndal-helten Ørjan Hopen er tilbake på Fosshaugane når Levanger kjem på besøk. Han meiner gamleklubben no er favoritt til å rykkje opp.

Ørjan Hopen
Foto: Astrid M. Nordhaug / Astrid M. Nordhaug/Digitalsport.no

– Sogndal har fått ein veldig bra start med ti poeng på fire matchar. Held dei fram i det tempoet, blir det opprykk med god margin. Dei er den store favoritten til oppprykk slik det ser ut no, seier Ørjan Hopen.

I kveld er han tilbake på Fosshaugane for første gong etter at han reiste frå moderklubben for godt etter fjorårssesongen.

Då hadde han også vore innom Nest-Sotra og Bryne etter nedturen som starta med ein skade i 2012. Berre eitt år tidlegare hadde han sitt store gjennombrot i norsk toppfotball.

– Klart det er eit steg ned. Men eg må berre ta rennefart og prøve å komme meg opp att. Eg har vore med ein del år, men er ikkje ein aldrande kar – og bør ha som mål å komme meg opp på eit bra nivå, seier Hopen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Sogndal er laget mitt, og det vil det alltid vere

Det er klart for den femte runden i årets førstedivisjon, og botnlaget Levanger er Sogndal sin motstandar på heimebane. Trenar Eirik Bakke understrekar at Sogndal no skal gå ut på bana og ta kontroll på kampen frå start.

Då må dei mellom anna ufarleggjere Hopen og skotfoten hans. For han har ingen planar om å spare sine gamle lagkameratar.

– Får vi frispark i farleg posisjon, vil eg sjølvsagt setje ballen rett i kassa. Det hadde vore artig å score på Fosshaugane igjen, smiler han.

– Blir det spesielt å komme tilbake her?

– Det blir det sjølvsagt. Men slik er gamet og fotballen. Det er ei artig utfordring. Eg ser berre positive ting med det, seier Hopen og legg til:

– Sogndal er laget mitt, og det vil det alltid vere. Men eg spelar for Levanger, og går for at vi skal ta med oss tre poeng. Eg ønskjer Sogndal alt vel, bortsett frå i kampane mot oss.

Sjå intervju med trenar Eirik Bakke før kampstart:

Eirik Bakke før kampen mellom Sogndal og Levanger

Desse startar kampen mot Levanger

Sogndal startar med dette laget:

Sukke - Teniste, Patronen, Utvik, Grodås - Sarr, Bolseth, Flo, Strand - Opseth, Otoo

Det betyr at Victor Grodås er tilbake etter eit lite skadeavbrekk, og at Sogndal stiller eit nokså skadefritt mannskap, med unnatak av Eirik B. Skaasheim og Robin Shroot. Engelskmannen startar kampen på benken.

– Eg torer ikkje bruke Robin frå start. Han kan nok spele ein omgang, så får vi sjå kor lenge det blir. Eg vil ha han klar til å starte på søndag, seier trenar Eirik Bakke.