Hopp til innhold

Hogstulukke i Gaular

Ein person har fått eit tre over seg i samband med trefelling, melder politiet på Twitter.

Hogstulukke i Gaular

– Det vi veit er vedkomande har fått treet over nakke og rygg, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 11:08, og naudetatene blei sende til staden. Dei kan førebels ikkje seie noko meir om korleis ulukka har skjedd, eller kor alvorleg skadd vedkomande er.

–Den skadde er henta av hellikopter og send til traumemottak, seier Samsonsen.

Han opplyser at politiet har gjort avhøyr og undersøkingar på staden. Arbeidstilsynet er også kobla inn i saka.

Laster Twitter-innhold