NRK Meny
Normal

Hoel: – Eit feigt og forhasta vedtak

FØRDE (NRK): Høgskulestyret tok ikkje omsyn til protestane frå studentane og styremedlem Oddmund Hoel og vedtok å ta 2 millionar kroner frå undervisning.

Høgskulemøte i Førde

HØG TEMPERATUR: Styremedlem Oddmund Hoel (t.v.) fekk ikkje med seg Jan Olav Fretland (midten), Ole Kleiven og resten av høgskulestyret på å droppa nedskjeringane i undervisninga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er uroa for å kutta i undervisninga utan at følgjene er greidde ut, seier medlem i styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Oddmund Hoel, etter høgskulestyret sitt ostehøvelvedtak om ta vel 2 millionar kroner frå undervisning og bruka mesteparten av pengane på forsking.

– Kuttet råkar dei fire avdelingane ved HiSF svært ulikt. Tradisjonelt har sjukepleie- og lærarutdanningane hatt det mest romsleg medan sosialt arbeid, barnevern og vernepleie har eit meir skrapa budsjett. Dei har ingenting å gå på, og nedskjeringane vil difor få særs negative følgjer, seier Hoel.

Ingen gehør for Studentparlamentet

Også før styremøtet var protestane mot undervisingskuttet høglydte.

– Eit flatt kutt på 2,5 prosent er noko alle dei fire dekanane (avdelingsleiarane) ved HiSF er imot, opplyste Hoel under styremøtet i dag.

– Det er heilt uakseptabelt. Kuttet betyr fire færre stillingar og kan innebera færre undervisningstimar, større klassar og meir fellesundervisning, sa leiar Ingrid Moe Albrigtsen i Studentparlamentet ved HiSF tidlegare i veka:

Magnus Nordrum Brøste eller Trine Ludvigsen Rygg

JA TIL KUTT: Studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste (t.h.) og Trine Ludvigsen Rygg (midten) gjekk imot sitt eige Studentparlament og velsigna undervisingskuttet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Dei to studentrepresentantane i HiSF-styret derimot gjekk imot sitt eige Studentparlament og velsigna undervisingskuttet. Etter vedtaket ønskte verken Magnus Nordrum Brøste eller Trine Ludvigsen Rygg kommentera kvifor dei sa ja til nedskjeringane.

– Må styrkja forskinga

– Undervisninga er juvelen ved HiSF, men høgskulen er i ei krevjande tid, og for å stå sterkt i framtida, må me styrkja forskinga, og det gjer me varsamt, seier styreleiar Trond Ueland.

Høgskulen har historisk skåra godt på undervisning, men har slite med forskinga. Og regjeringa har nettopp brukt HiSFs relativt svake forskingsresultat som hovudargument for å pressa høgskulen inn i ein fusjon. Svaret frå høgskulen kom på nyåret i år: ein ambisiøs forskingsplan.

Trond Ueland og Oddmund Hoel

USAMDE: – Me må styrkja forskinga, og det gjer me varsamt, seier HiSF-styreleiar Trond Ueland, her i drøfting med styremedlem Oddmund Hoel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var rekninga for denne planen, styret måtte starta på nedbetalinga i dag.

– Hadde hatt tid til å venta

– Det høyrer òg med at me brukar meir på undervisning enn andre høgskular. Og styret har gått ned frå eit opphavleg 10-prosentkutt til 2,5, seier Ueland.

– Ja, det må flyttast pengar frå undervisning til forsking for å få ytterlegare fart på forskinga ved HiSF. Men me hadde hatt tid til å sjå ei slik omfordeling i samanheng med korleis pengane internt mellom høgskuleavdelingane skal fordelast, ei sak styret skal ta stilling til neste år, repliserer Hoel.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.