Hopp til innhold

Høgskulen vil ha fleire studiebein å stå på

– Dette er ein gledas dag for Høgskulen, strålar styreleiar Heidi-Kathrin Osland. Tysdag presenterte Høgskulen i Sogn og Fjordane (HISF) planar om eit nytt studie.

Nytt studie ved Høgskulen. Heidi Kathrin Osland

NATURLEG: Styreleiar Heidi-Kathrin Osland i HiSF seier det er naturleg å ha Høgskulen i Bergen med på utdanninga. – Vi har samarbeidd tett om til dømes Subsea i Florø, så det er heilt naturleg å ha med høgskulen i Bergen på lag. Vi har ein intensjonsavtale på utdanninga, og kven veit. Det kan komme fleire utdanningar seinare også, seier ho.

Foto: Hans Jakob Reite

I samarbeid med Høgskulen i Bergen ser HISF på moglegheitene for å starte opp eit nytt bygg- og anleggsingeniørstudium frå hausten 2016.

Ambisjonen er 20–30 studentar i første kull.

– Vi har sett behovet og er veldig nøgde med å få på plass planane for byggingeniørutdanninga, seier styreleiar Heidi-Kathrin Osland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kortare veg

Studentane får tett oppfølging i tradisjonelle bygg- og anleggsingeniøremne og det blir jobba med å ei studieplanordning der dei kan gå rett frå fagbrev til ingeniørutdanninga, via Fagskulen.

Jenny Følling leia arbeidsgruppa

LEIA: Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) har vore leiar av arbeidsgruppa som har jobba for å realisere studiet.

Foto: Hans Jakob Reite

Studiet vil resultere i ein bachelorgrad, og studentane kan søkje påbygging til master på andre høgskular og universitet.

– Det er veldig bra at ein får ut studentar som har bachelorutdanning, som har både den praktiske vegen og teoretiske vegen, slik at ein får tilbod til begge gruppene. Vi vil få eit meir robust næringsliv ved å ha begge typane arbeidskraft i organisasjonane og bedriftene våre, seier Vidar Grønnevik i det interkommunale næringsretta utviklingsordninga, INU.

– Behovet er der

INU er mellom fleire aktørar som er med på laget. Med ein million kroner, har ordninga medverka med ti millionar kroner i nye høgskuleutdanningar.

Frå før har dei bladd opp pengar for subseautdanninga og elkraftutdanninga. Førstnemnde kom nyleg med på revidert nasjonalbudsjett.

– Vi ser jo at studiane etter relativt kort tid har kome inn på statsbudsjettet og er etablert som eit framtidig tilbod til ungdom i fylket, og utdannar arbeidskraft til næringslivet som det er behov for, seier Grønnevik.

Satsar på utdanning

– Vi har høgt på handlingsplanen å støtte høgskuleutdanninga. Frå før har vi sju-åtte millionar på fornybarsatsinga til høgskulen. Det er vesentleg for næringslivet å byggje ut høgskulesystemet i fylket, legg Grønnevik til.

Planane om ingeniørstudium er eit resultat av sterkt lokalt engasjement og er ei oppfølging av Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane som fylkeskommunen står bak.

– Vi tenkjer stort

I tillegg til INU er Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga, EBA, MEF samt næringsforeiningar og einskildbedrifter i regionen med på laget. Ingeniørstudiet vil medverke til eit større realfagsmiljø innan høgskulesystemet.

Samarbeid med Høgskulen i Bergen, som har den største ingeniørutdanninga i landet, er med å sikre kvaliteten.

– Vi tenkjer stort, regionalt og ynskjer å medverke til god Rekruttering av studentar frå heile vestlandet og meir arbeidskraft til industrien på vestlandet. Suksess her er suksess for oss også, seier dekan ved Høgskulen i Bergen, Geir Anton Johansen.