Hopp til innhold

Stor rift som studieplassane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane blir stadig meir populær, viser det nasjonale opptaket for høgare utdanning. Berre ved sjukepleieutdanninga i Førde står 250 søkjarar på venteliste.

Arnstein Menes

GLEDELEG OPPTAK: – At ventelistene aukar med 73 prosent, betyr at høgskulen har populære studium, seier opptaksleiar Arnstein Menes

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me er veldig godt nøgde. Nesten 1800 studentar får tilbod om studieplass, og ventelistene aukar mykje på fleire studium, seier opptaksleiar Arnstein Menes ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

I dag blir det nasjonale opptaket til høgare utdanning kunngjort, og studentane som har søkt om studieplass ved HiSF får beskjed om dei er komne inn eller ikkje.

250 på venteliste i Førde

– At ventelistene aukar med 73 prosent, betyr at HiSF har populære studium, og at kvaliteten på studentane blir høgare fordi poenggrensene for å koma inn har stige sidan i fjor, seier Menes.

Det aller mest populære studiet ved HiSF er sjukepleieutdanninga i Førde, med 250 på venteliste. Òg barnevern, sosialt arbeid og eigedomsmekling i Sogndal er det stor rift om, med ventelister på over 100 søkjarar.

Sjukepleiarutdanninga i Førde

OPPTAKSVINNAREN: 250 søkjarar står på venteliste for å koma inn på HiSF si sjukepleieutdanning i Førde.

Foto: NRK / NRK

– Ved søknadsfristen 15. april såg me ein landstrend om at fleire søkjer på sjukepleieutdanningane enn før, så heilt uventa er det ikkje. Men me er stolte av den gode utdanning me har i Førde.

Ein styrke i sjølvstendekampen

Regjeringa meiner kvaliteten på utdanninga og forskinga ved HiSF er for dårleg og har det siste året lagt eit hard press på høgskulen for å slå seg saman med andre, noko HiSF-styret har sagt nei til.

– Eg trur den store pågangen av studentar er med på å styrkja oss, ved at me får søkjarar med betre karakterar, noko som bør bety høgare kvalitet på dei som kjem inn, seier opptaksleiaren.

Opptaket viser òg at fleire unge – og fleire utanfor Sogn og Fjordane – kjem inn på HiSF.

Greier ikkje fylla lærarutdanninga

Sjølv om det er rift om mange studium ved HiSF, er det fleire sentrale studium som ikkje har makta å fylla opp plassane, som grunnskulelærarutdanninga i Sogndal og ingeniørutdanninga i Førde.

Nettopp lærarutdanning er ein akilleshæl for HiSF, fordi regjeringa vil innføra eit 5-årig masterlærarutdanning frå 2017, noko kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner HiSF ikkje er godt nok rigga for.

– Det er klart det er viktig for oss å ha ei stor studentgruppe på desse utdanningane, for å skapa eit grunnlag for utdanninga vidare. Så me tek gjerne i mot fleire søkjarar, seier Menes.